Semestre

ULSP304 Leiing og åtferd

Emnekode: 
ULSP304
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Special Education: Leadership and Behavior
Emnenavn på bokmål: 
Ledelse og atferd
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Pensum: 

Pensumlister ligg her.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Studentane skal tileigne seg kunnskapar om ulike forklaringar på sambandet mellom leiing og åtferd i barnehage og skule, og konsekvensar for læringsmiljøet. Kunnskap om organisasjonsperspektiv, endrings- og implementeringsprosessar er ei sentral ramme for å få ei djupare forståing av leiing og åtferd i barnehage og skule. Emnet set søkjelys på ulike forklaringar ut frå ei heilskapleg forståing av åtferd, og kva konsekvensar dei får for tiltak i barnehage og skule. Temaa vert drøfta både ut frå eit individ- og eit systemperspektiv, og ein vektlegg tydinga av læringsmiljøet både i barnehage og skule. Lærarrolla, gruppe-/ klasseleiing, mobbing og traume er sentrale tema i emnet.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om organisasjonsperspektiv, endrings- og implementeringsprosessar og korleis verkar inn på den pedagogiske verksemda i barnehage og skule
  • har kunnskap om ulike forklaringar og teoretiske perspektiv på leiing og åtferd
  • har kunnskap om samanhengane mellom leiing og åtferd og konsekvensar for læringsmiljøet
  • kan anvende kunnskap om læringsmiljø, mobbing og traume i pedagogisk praksis
Ferdigheiter

Studenten

  • kan legge til rette for endringsprosessar for å utvikle læringsmiljøet i barnehage og skule
  • kan analysere og forstå åtferd både i eit individ- og eit systemperspektiv
  • kan førebygge og avdekke mobbing og sette i gang relevante tiltak for å stoppe mobbing.
  • kan anvende grunnleggjande kunnskap om traume i møte med barn og unge
  • kan kritisk nytte gruppe-/ klasseleiing som verkemiddel i det spesialpedagogiske arbeidet i barnehage og skule
Generell kompetanse

Studenten

  • kan leie læringsarbeid gjennom å auke kapasiteten til å handtere utfordringar knytt til åtferd i barnehage og skule.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Studentaktive arbeidsformer på samlingane vil bli vekta. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingane.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Frammøte
    • Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.
  • Arbeidskrav
    • Eit skriftleg arbeidskrav i gruppe, der ei teoretisk drøfting av sentrale tema i emnet er hovudsak. Omfang: 2500 – 3500 ord.
    • Individuell munnleg presentasjon av eit sjølvvalt tema. Presentasjonen skal vere digital og vere på 10 – 15 minuttar.
    • Ein individuell skriftleg opposisjon på eit munnleg arbeidskrav. Opposisjonen har ikkje eit gitt omfang.
Sensorordning
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Anne Randi Fagerlid Festøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk - master
  • Spesialpedagogikk - master (deltid)
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Om lag 5000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg).
Godkjent av: 
Arne Myklebust