Semestre
ULSP304 Leiing og åtferd
Ingen
Studentane skal tileigne seg kunnskapar om ulike forklaringar på sambandet mellom leiing og åtferd i barnehage og skule, og konsekvensar for læringsmiljøet. Emnet skal sette søkjelys på ulike forklaringsmodellar sine bidrag til ei heilskapleg forståing av åtferd og kva konsekvensa dei får for tiltak i barnehage og skule. Tema vert sett inn i både eit individ- og systemperspektiv og legg vekt på kva som påverkar læringsmiljøet både i barnehage og skule. Ein vil ha fokus på lærarrolla, gruppe-/ klasseleiing og mobbing.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha grundige kunnskapar om
- ulike forklaringsmodellar og teoretiske perspektiv på åtferd
- samanhengane mellom leiing og åtferd og konsekvensar for læringsmiljøet
- læringsmiljø og mobbing
Studenten
- Skal kunne analysere og forstå åtferd i eit individ og systemperspektiv
- Skal kunne førebygge og avdekke mobbing og sette i gang relevante tiltak for å stoppe mobbing
- Skal kunne legge til rette for endrings og innovasjonsarbeid for å betre læringsmiljøet i barnehage og skule
- Skal ha kompetanse på gruppe – og klasseleiing
Studenten skal ha kunnskap om korleis leie læringsarbeidet gjennom å auke kapasiteten til å handtere utfordrande åtferd.
Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingane.
Obligatorisk frammøte til undervisninga.
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Mastergradsstudium undervisning og læring
- Spesialpedagogikk - vidareutdanning
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Det er utarbeidd ein mal for den skriftlege oppgåva. | Om lag 4000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg). | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |