Bli lærar i Volda!

I Volda har vi utdanna lærarar i meir enn 150 år, og det er vi gode på. Hos oss får du mykje og unik praksis, teknologi i undervisninga og blikk på framtidas klasserom og barnehagar. Bli lærar – og ver med på å forme dei som skal utvikle verda vidare.

Finn ei lærarutdanning som passar for deg!

          

Gode grunnar til å velje lærarutdanning i Volda

Nær kontakt mellom student og lærar: I Volda vil du som student alltid vere nær læraren din. Vi har eit kompakt campus og vegen til læraren, der døra alltid står open, er kort. 

Du vert attraktiv på arbeidsmarknaden: Som lærar kan du få deg jobb over heile landet. Det er, og vil vere stor etterspurnad etter dyktige lærarar, også i framtida. Med ei femårig lærarutdanning kvalifiserer du til lektorstillingar. 

Praksis og skuleovertaking: Når lærarstudentane evaluerer studiet sitt, så er erfaringane frå praksisperiodane svært viktige. Høgskulen i Volda satsar difor hardt på å tilby gode praksisopphald for studentane. I periodar tar studentane og over drifta av ein heil skule, sokalla skuleovertaking.

Studieopphald i utlandet: Høgskulen i Volda er ein av dei beste på internasjonal studentutveksling. På campus har vi mange utanlandske studentar. I grunnskulelærarutdanningane (MAGLU) kan du i fjerde semester velje å studere i utlandet, og HVO har mange aktuelle samarbeidspartar. Det er også mogleg å ha praksis i utlandet, dei siste åra har studentar hatt det i både Malaga i Spania og Tanzania

Fremst på digitalisering: Høgskulen er i nasjonal samanheng fremst i arbeidet med å gi studentane ei framtidsretta og praksisnær utdanning der digital kunnskap og bruk av ny teknologi i undervisninga er ein naturleg del i alle fag. Vi har Læringsverkstaden som er full av verktøy og kompetanse til å hjelpe lærarstudentar med å nytte teknologien i undervisninga.

Reduksjon av studielån: Om ein fullfører grunnskulelærarutdanning for 1.–7. trinn, kan ein få sletta 106 000 kroner av studielånet. Føresetnadane er at ein fullfører utdanninga på normert tid og at ein har jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter fullført utdanning. Om ein fullfører grunnskulelærarutdanning for 5.–10. trinn og jobbar som lærar i minst tre år, kan ein få sletta 51 000 kroner av studielånet. 

Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet! Les gjerne meir om dette og sjå intervju med noverande og tidlegare studentar under her.