Semesters
AMV125 Digital kommunikasjon
Sjå IGMs webside https://igm.no/webredaktor/
Godt innhald, brukarvennlegheit, ei god forvaltning av nettstaden og ein tydeleg digital strategi har vorte ein naturleg del av ein vevredaktørs arbeidskvardag. Dette emnet skal gi nødvendig kunnskap, ferdigheiter og haldningar for å betre kunne utøve rolla som vevredaktør og bli meir attraktiv i marknaden.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal
- kjenne til ulike tekniske og faglege omgrep innan fagområdet digitalt utvikla kunnskap om oppdatert teknologi på nett
- kjenne prinsippa bak søkemotoroptimalisering
- ha oversikt over ulike publiseringsløysingar
- kjenne prinsippa for gode brukaropplevingar og design på nett
- kjenne reglane for universell utforming
- kjenne til teknikkar for innhaldsdrive forvaltning
- kjenne til ulike redaksjonsmodellar og måtar å organisere vevarbeidet på.
Kandidaten skal kunne:
- utvikle ein vevstrategi
- sjå samanhengen mellom verksemda sin overordna strategi, digitale strategi og vevstaden
- samarbeide med ulike faggrupper i produksjon og forvaltning av ein nettstad
- formulere seg presist og effektivt på ein nettstad
- nytte grunnleggjande teknikkar i digital marknadsføring
- nytte verkty til brukartesting
- nytte grunnleggjande verkty for måling
- gjennomføre analyse og rapportering
- nytte ei publiseringsløysing
- nytte teknikkar for evaluering og betring av innhald på nett
Kandidaten skal vere i stand til å:
- forstå rolla og arbeidskvardagen som vevredaktør
- utarbeide godt og brukarvennleg innhald
- leie ein vevredaksjon
- arbeide strategisk og systematisk for å vedlikehalde og utvikle ein nettstad
- gjere etiske refleksjonar rundt publisering og bruk av brukardata
Studiet er både praktisk og teoretisk retta – med hovudvekt på å løyse praktiske obligatoriske oppgåver basert på teoretisk kunnskap. Gjennom studieåret vil studentane gjennomføre ei rekke individuelle og gruppebaserte praktiske og teoretiske oppgåver knytt til dei ulike undertema.
a) Frammøtekrav: Deltaking på dei fem to-dagars samlingane er obligatorisk
b) Arbeidskrav: Studentane må levere inn tre (3) obligatoriske oppgåver i løpet av studiet.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Group | 6 Week | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Det er fri bruk av hjelpemidler i prosjektoppgaven, men samarbeid mellom grupper er ikke tillatt. | Eit digitalt prosjekt og ein prosjektoppgåve på om lag 5000 ord. | |
Home exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Alle hjelpemidler er tillatt. |
Prosjektoppgaven skal trekke på hele studiets innhold og utføres som en gruppeoppgave. Gruppen kan bestå av 1 til 3 personer. Studentene danner selv grupper.
Ved fullført studium får studentene en sluttkarakter. Begge eksamensdelene må bestås for å få sluttkarakter.