Semesters

BLUBA-D Bacheloroppgåve

Course code: 
BLUBA-D
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2026 Spring
Assessment semester: 
2026 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
BLUBULL-D Children's development, play and learning
BLUSRLE-D Society, Religion, Worldview and Ethics
BLUPRA3-D Practice/Pre-School Teacher Education 3, 40 days
Course content

Bacheloroppgåva er ei fordjupningsoppgåve over ei sjølvvald problemstilling. Oppgåva kan skrivast individuelt eller som eit samarbeid med ein annan student. Der to studentar skriv saman må det avklarast med emneansvarleg. Innhaldet skal vere forankra i profesjonsfaglege problemstillingar som er sentrale for arbeidet som barnehagelærar. Oppgåva skal bygge på pedagogikk og kunnskap frå eitt eller fleire av kunnskapsområda og/eller fordjupinga. Målsetjinga med bacheloroppgåva er at studenten får øving i å planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig arbeid i tråd med faglege og forskingsmetodiske krav. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studenten utvikle medvit omkring sentrale utfordringar i rolla som barnehagelærar. Det vert lagt vekt på kunnskap om ulike metodar, refleksjon over forskingsprosessen og kritisk drøfting av teorigrunnlag. Arbeidet med bacheloroppgåva stiller høge krav til sjølvstende når det gjeld å søkje kunnskap og erfaringar. Arbeidet skal gjennomførast etter forskingsetiske retningsliner (sjå Reglar for personvern og Retningsliner for arbeid med bacheloroppgåve i Barnehagelærarutdanninga i Canvas). Emnet skal, som grunnlag for arbeidet med bacheloroppgåva, gi innføring i ulike vitskapsteoretiske perspektiv og relevante metodar i forskings- og utviklingsarbeid. Arbeidet skal vere rettleidd.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunskap om normer for vitskapleg arbeid, grunnleggande vitskapsteori og ulike forskingsmetodar
  • har kunnskap om sentrale faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • har kunnskap om forskings- og faglitteratur knytt til tema for oppgåva
  • har bred kunnskap om krav til rolla som profesjonell yrkesutøvar i eit mangfaldig samfunn
Learning outcome skills

Studenten

  • kan formulere og avgrense eit pedagogisk og/eller fagdidaktisk tema
  • kan undersøke eit problemområde med ei relevant metode
  • kan formidle og dokumentere sentrale problemstillingar innan yrkesfeltet
  • kan dokumentere eigen profesjonskunnskap
  • meistrar sentrale element i akademisk skriving
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan synleggjere og reflektere kritisk over sentrale sider ved arbeidet i barnehagen og utfordringar i rolla som barnehagelærar
  • har innsikt i sin eigen profesjonelle identitet og si rolle som barnehagelærar
  • har innsikt i forskingsbasert kunnskap som grunnlag for profesjonsutøving og kontinuerleg profesjonell utvikling
  • kjenner til ny kunnskap og forståing for vitskaplege og etiske aspekt ved forskings- og utviklingsarbeid
Working and learning activities

Hovuddelen av emnet handlar om sjølvstendig arbeid med bacheloroppgåva. Undervisninga tek til i 7. semester med orientering om emnet og ei kort innføring i vitskapsteori og metode. I løpet av denne innføringa skal studentane arbeide med ei førebels skisse til tema for arbeidet. Skissa skal innleverast etter fastsett frist 7. semester og godkjennast av emneansvarleg. På bakgrunn av skissa skal studentane i 8. semester utvikle ein forskingsplan med problemstilling som skal godkjennast av rettleiar. Dette semesteret startar med ei meir grundig innføring i vitskapsteori og metode. Studentane skal om lag midtvegs i semesteret presentere arbeidet med oppgåva for medstudentar og rettleiar etter fastsett plan. I dette semesteret skal det også gjennomførast eit mindre studentseminar der studentane presenterer arbeidet for medstudentar og emneansvarleg. 

Bacheloroppgåva

Innhald Bacheloroppgåva skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid som skal følgje vitskaplege retningsliner. Studentane vel sjølve tema, problemstilling, teoretiske perspektiv og metode for datainnsamling. Problemstillinga skal godkjennast av rettleiar. Som del av arbeidet skal det gjennomførast eit empirisk arbeid som saman med teoretisk og metodisk refleksjon kan belyse problemstillinga.

Studentseminar

Studentane skal presentere arbeidet med bacheloroppgåva i eit studentseminar. Innhaldet i presentasjonen skal ha eit særleg fokus på problemstillinga, kunnskapsgrunnlag og metode for datainnsamling. 

Undervegs i studiet vert det eit seminar om tema: Kvar er du no? der der studentane presenterer kort kvar dei er i prosessen og kva utfordringar dei eventuelt står overfor.

 

Assessment requirements
  • Det er krav om obligatorisk frammøte til undervisinga, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen § 6-6.
  • Skriftleg utarbeidd forskingsskisse. Skissa skal innehalde tematisering av problemområdetgrunngjeving for val av tema, problemstilling og val av metode.
  • Godkjend forskingsplan med problemstilling. Forskingsplanen er ei utfyllande beskriving av forskingsprosjektet.
  • Deltaking i to studentseminar der studentane presenterer eige arbeid med oppgåva undervegs i semesteret.
Evaluation system
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Kari Pauline Longva
Used in other programs
  • Early Childhood Education - bachelor (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bachelor's thesis
Individual or Group exam
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
9000-11000 ord (individuell)
13000-15000 ord (gruppe)
Approval signature: 
Arne Myklebust