Semesters
BLUBULL2-D Barns utvikling, leik og læring 2
Bestått BLUBULL1- D før ein kan gå opp til eksamen i BLUBULL2- D.
Målet med emnet er å utvikle forståing og innsikt i å planlegge og å leie barns leike-, lærings-, utvikling- og danningsprosessar. Emnet skal gi kompetanse i å fremje barns heilskaplege utvikling i eit inkluderande fellesskap prega av omsorg, medverknad, samarbeid og dialog med føresette. Emnet inneheld 15 studiepoeng av totalt 30 studiepoeng i kunnskapsområdet Barns utvikling, leik og læring, og har følgjande tema: Barns utvikling, leik, læring og danning, barns språkutvikling og språkleg mangfald, fleirkulturelle perspektiv, leiing av personalet og samarbeid med føresette.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- aktuelle teoriar og forsking om barns utvikling, leik, læring og danning
- språkleg og kulturelt mangfald, barns språkutvikling og utvikling av fleirspråklegheit
- inkludering og tilpassa opplæring, og barn med særskilde behov
- foreldresamarbeidet si tyding for barns utvikling og læring
- leiing av personalet i barnehagen
Studenten kan
- planleggje, gjennomføre, dokumentere og vurdere opplegg for barns språklæring med vekt på språkleg mangfald
- utvikle omsorgsfulle relasjonar til barn der relasjonane ber preg av innleving og anerkjenning av kvart einskild barn
- framstå som ein medviten rolle- og språkmodell for barn i samarbeid med personalet og føresette
- analysere og leggje til rette for tilpassa opplæring og inkludering i barnehagen
- ta i bruk pedagogiske og digitale verktøy i arbeidet med barns utviklings- og læringsprosessar
Studenten har kompetanse i
- didaktisk arbeid og faglege refleksjonar knytte til erfaringar frå praksis
- å leie personalet og samarbeide med føresette i planlegginga av arbeidet med barna
- å nytte varierte arbeidsformer i planlegginga av opplegg for barn der ein tek omsyn til alder og sosial, språkleg og kulturell bakgrunn
- å vise etisk og fagleg innsikt i barns integritet basert på forståing av demokrati, likeverd og likestilling
Arbeidsmåtane i emnet er førelesingar og arbeid individuelt og i gruppe. I tillegg vert det gjennomført studentpresentasjonar og arbeidd med prosjekt. Studentane sine erfaringar frå praksis vert tekne med inn i undervisninga og i studentane sine arbeidskrav. Undervisninga vil bli gitt som ein kombinasjon av vekesamlingar på campus, og undervisning på konferansesystemet Adobe Connect (på nett) ein fast dag kvar veke.
Praksis:
I praksisperioden, skal studentane i samarbeid med personalet gjennomføre leiardagar og observere språkutvikling hjå barn. Etter praksis skal studentane skrive ei individuell, skriftleg oppgåve med vekt på barns språkutvikling. I tillegg skal studentane utarbeide eit refleksjonsnotat om si utvikling som leiar i barnehagen. Dette er andre del av ei samletekst som skal danne grunnlag for eksamen tredje studieår. Sjå arbeidskrav kulepunkt to. Arbeidet i praksis er eit samarbeid mellom kunnskapsområda Barns utvikling, leik og læring 2, Natur, helse og rørsle samt Kunst, kultur og kreativitet
- Frammøte til undervisninga er obligatorisk etter gjeldande reglar.
Arbeidskrav:
- Barns språkutvikling. Studentane skal utarbeide ein individuell, skriftleg oppgåve på om lag 1800 ord. Oppgåva er knytt til praksis (haust 2016).
- Eg som leiar. Dette er eit individuelt skriftleg refleksjonsnotat på om lag 1500 ord med vekt på studenten si utvikling som leiar for personalet i barnehagen. Dette er andre del om studenten si utvikling som leiar (sjå også emneplan for BLULSU ).
- Kulturelt og språkleg mangfald. Studentane skal utarbeide ei individuell, skriftleg oppgåve på om lag 1800 ord. Oppgåva er knytt til praksis.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |