Semesters

BLUMG301 The kindergarten teacher role in a professional perspective

Course code: 
BLUMG301
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2023 Autumn
Assessment semester: 
2023 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Curriculum: 

-

Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet Barnehagelærarrolla i eit profesjonsperspektiv handlar om barnehagelæraren som profesjonsutøvar og barns oppvekstvilkår. Innhaldet i emnet rettar seg mot empiriske og teoretiske perspektiv på barnehagen som samfunnsinstitusjon og barnehagelæraren som profesjonsutøvar, i lys av nasjonale og internasjonale endringsprosessar. Vidare vert barnehagelærarprofesjonen sin posisjon i samfunnet belyst, samt barnehagen si rolle i eit historisk og samtidig perspektiv. Teoretisk og forskingsbasert kunnskap om profesjonar generelt, og barnehagelærarrolla spesielt, er sentralt i emnet. Det inneber at studenten skal tileigne seg avansert kunnskap om profesjonsteori og profesjonsutvikling. Forsking om barn sine vilkår i barnehagen vert studert i lys av politiske prosessar. Profesjonsetikk, makt og dilemma for profesjonsutøvarar er også sentralt og studenten skal tileigne seg inngåande kunnskap om desse områda.

Føremålet med emnet er at studenten skal utvikle avansert forståing for, og inngåande innsikt i, rolla som barnehagelærar som profesjonsrolle, og kva betydning barnehagelærarane har som ein av velferdsstatens sentrale profesjonar.  Kunnskap om profesjonsetikk og dilemma for profesjonsutøvarar kan vere ei støtte for å forstå, analysere og handtere komplekse kvardagssituasjonar i barnehagen.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten:

  • har avansert kunnskap om sentrale teoriar og forsking knytt til profesjonar, profesjonsutøving og profesjonsutvikling
  • har inngåande kunnskap om barnehagen som pedagogisk institusjon i historisk og samtidig perspektiv, samt i nasjonale og internasjonale perspektiv
  • har avansert forståing som grunnlag for analyse av barnehagelærarprofesjonen sin posisjon i velferdsstaten
  • har inngåande kunnskap om profesjonsetiske retningsliner og etiske dilemma i utøving av barnehagelærarprofesjonen
  • har avansert innsikt i og forståing for barnehagelærarrolla som profesjonsrolle
  • kan på eit avansert nivå analysere samfunnspolitiske føresetnader og barnehagen som samfunnsinstitusjon
Learning outcome skills

Studenten:

  • kan kritisk analysere utdanningspolitiske dokument- og prosessar og trekke linjer til konsekvensar for rolla som barnehagelærar
  • kan kritisk analysere faglege og politiske spørsmål knytt til barnehagen i endring som grunnlag for kvalitetsutvikling i eigen barnehage
  • har eit analytisk og kritisk blikk på eiga rolle som profesjonsutøvar
  • kan bruke relevante metoder for fagleg utvikling som grunnlag for å drøfte profesjonsutøving i lys av faglege, etiske og politiske tilnærmingar
  • kan reflektere kritisk over profesjonsetiske problemstillingar og etiske dilemma gjennom skriving av kronikk og presentasjon for barnehagepersonale og/eller politikarar
Learning outcome qualification

Studenten:

  • kan kritisk analysere og reflektere over barnehagen si rolle i samfunnet i lys av relevante faglege og forskingsetiske problemstillingar
  • kan gjennom å utvikle ei grunnleggande forståing for barnehagen sitt mandat og konsekvensar for eiga rolle som profesjonsutøvar, anvende kunnskap og ferdigheiter på nye måtar som grunnlag for kvalitetsutvikling
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar gjennom arbeid med skriving av kronikk og presentasjon av barnehagerelevant tema
  • kan kritisk analysere relevant forsking om profesjonsrolla
  • kan nytte profesjonsspråket i drøftingar av faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor fagområdet
  • kan bidra til nytenking og fornying i arbeid med kvalitetsutvikling
Working and learning activities

Arbeidsformene og arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i utvikling av utvida innsikt i barnehagelærarolla og konsekvensar for barns oppvekstmiljø.

Arbeidskrava gir øving i den akademiske sjangeren og hjelp til fagleg fokus gjennom bearbeiding av pensumlitteraturen.

Arbeidsformene vil variere mellom førelesingar, studium av faglitteratur, studentseminar, arbeid i mindre grupper,  munnlege presentasjonar, oppgåveskriving og rettleiing.  

 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne framstille seg for eksamen i emnet. Sjå §4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Arbeidskrav:

  1. Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet (80 % regelen gjeld).
  2. Skrive ein kronikk med utgangspunkt i tema for emnet.  
  3. Førebu og gjennomføre ein presentasjon for barnehagepersonale, politikarar eller andre, med utgangspunkt i kronikken og tema for emnet.

 

Minimum number of students: 
-
Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Gerd Sylvi Steinnes
Costs

-

Expenses

-

Used in other programs
  • Early childhood education studies - master (part-time)
Assessment FormGroupingDurationGrading scaleProportionCommentSupport MaterialsScope
Home exam
Individual
7 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
.
Approval signature: 
Arne Myklebust