Semesters

BLUNHR-A Natur, helse og rørsle

Course code: 
BLUNHR-A
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
20
Level of study: 
-
Teaching semester: 
2015 Autumn
Assessment semester: 
2015 Autumn
Required prerequisite knowledge

Ingen.

Course content

Kunnskapsområdet NHR er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i barnehagelærarutdanning. Kunnskapsområdet NHR omhandlar mennesket, naturen og mennesket som ein del av naturen og det biologiske mangfaldet. Dette omfattar helse i vid forstand, rørsle og samspelet med naturen. Barn er kroppslege i sin veremåte, og det er mellom anna gjennom kropp og rørsle barn blir kjent med seg sjølve og verda rundt.Kunnskapsområdet skal gi studentane grunnlag for å ivareta barns helse og behov for rørsle, sunn mat og omsorg. Vidare skal studentane lære korleis barn gjennom undring, utforsking og utfordrande leik i ulike miljø, kan ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen, slik at dei får eit grunnlag for å bidra til berekraftig utvikling. Sentralt i dette arbeidet er friluftsliv, naturoppleving, naturkunnskap og rørsleerfaring.Undervisninga skal ha ei profesjonsretta tilnærming, der praksis inngår som ein integrert del. Ein viktig del av profesjonskompetansen er å kunne observere, analysere og forstå utviklinga og kroppslege leikekulturar hos barn og bruke dette til å inspirere og motivere barn til å vere fysisk aktive og utforskande i ulike miljø. Studentane sitt arbeid i kunnskapsområdet skal fremme engasjement, oppleving, undring og gjere dei ytterlegare  nysgjerrige og i tillegg gje kroppslege erfaringar.

Learning outcome

Kandidaten har kunnskap om: kroppsleg leik og korleis barn gjennom kropp og sansar lærer om verda og forstår seg sjølv korleis barn lærer i samspel med varierte læringsmiljø og korleis ein kan initiere og støtte opp om barn sine læringsprosessar naturen: Økologi, økosystem, artskunnskap, årstidene, veirfenomen og endringar i naturen gjennom ulike årstider korleis leggje til rette for naturstudiar og leikprega aktivitetar med og i naturen til ulike årstider fysiske fenomen (vatn, lyd og lys), lokale og globale miljøtema, biologisk mangfald, berekraftig utvikling og mennesket som del av heilskapen korleis menneskekroppen er bygd opp og korleis den fungerer fyrstehjelp, helsefremjande arbeid, sunt kosthald, ergonomi og grunnleggjande hygiene i eit fleirkulturelt perspektiv i barnehagen fysisk, psykisk, sosial, emosjonell og motorisk utvikling hjå barn og korleis ein kan stimulere denne utviklinga Kandidaten har ferdigheiter i å: utforske naturen og eksperimentere med fenomen i den fysiske verda og med kvardagsteknologi saman med barn bruke lokale naturressursar i praktisk arbeid med barn reflektere over og ta omsyn til ulike kulturelle perspektiv i arbeidet med helse, natur og rørsle planleggje, leie/gjennomføre og vurdere behov for fysisk aktivitet, kvile, varierte måltid og god hygiene for barn i barnehagen som grunnlag for framtida vurdere risiko i leikemiljø, leggje til rette for barns risikomeistring og saman med barn skape og bruke ulike rom og miljø inne, ute og i naturen kunne utføre førstehjelp og HLR Kandidaten har generell kompetanse i og: er aktiv medverkande og inspirerande saman med barn i deira rørsleleik og naturopplevingar og kunne gje høvelege svar på barn sine spørsmål kan analysere og kritisk reflektere over kjønn, likestilling, likeverd, kulturelt mangfald, barnehagens rutinar, kosthald og rørsleaktivitetar som sentrale livskvalitetar og helsefremjande faktorar i barnehagen kan orientere seg i og bruke moglegheitene i nærmiljøet for naturfagleg utforsking og rørsle gjennom leik saman med barn kan ta vare eiga helse i arbeidet i barnehagen kan utarbeide rutinar for tryggleik i barnehagen kan analysere og kritisk reflektere over forsking i kunnskapsområdet/fagfeltet samt nødvendigheita av å kjenne til ny forsking - vere oppdatert

Learning outcome knowledge

-

Learning outcome skills

-

Learning outcome qualification

-

Working and learning activities

Undervisninga i kunnskapsområdet er i stor grad praktisk retta der studentane er aktive og undersøkjande. Vi nyttar varierte undervisnings - og arbeidsformer som høyrer naturfag, fysisk fostring og pedagogikk til. Undervisninga vil variere mellom førelesningar, seminar, prosjektarbeid, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, baner, symjehall, sal og kjøkken.Det vert gitt eit obligatorisk kurs i førstehjelp og HLR.I kurset vasstilvenning vert det stilt krav om 80 % aktiv deltaking i vatnet. For å kunne avvike frå dette kravet må studenten leggje fram legeattest som syner at han/ho ikkje kan ta aktivt del i bassengaktivitetar. Det vert gitt tilbod om ei praktisk prøve i livberging i vatn.I samband med temaarbeidet «Barn og snø» skal vi til snøsikkert område, i denne samanhengen må studentane pårekne utgifter til transport og overnatting. I tilfelle lite snø vil det bli gjennomført alternativt opplegg. Det er krav om obligatorisk frammøte og aktiv deltaking.Didaktikk og praktisk barnehagearbeid står sentralt i deler av emnet sine arbeidskrav. Dette skal sikre at kunnskapsbaserte læringsutbytta kan vise att i praksis som ferdigheiter for den profesjonelle barnehagelæraren.Emnet inneheld rettleia praksis i barnehage. Sjå nærare informasjon i emneplan for praksis.Studenterfaringane frå praksis vert tekne vidare inn i undervisninga.Obligatorisk frammøte og aktiv deltaking i BLUNHR. Krav til frammøte er slik det går fram av høgskulen sitt frammøtereglement forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §7-3. om frammøte/deltaking i undervisninga.Ein nyttar i hovudsak Fronter til innleveringar og kommunikasjon mellom studentar og faglærarar.Studentane betaler ei materialavgift på kr. 150,- til innkjøp av fellesmateriale, mat og utstyr. I tillegg må studentane rekne utgifter til transport, mat og personleg utstyr i samband med ekskursjonar.

Assessment requirements

-

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Maximum number of students: 
100
Used in other programs