Semesters
BLUPRA2-A16 Praksis 2. årssteg, 30 dagar
Praksis er ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarutdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 2. studieår arbeidsplassbasert er samordna med emneplanane for kunnskapsområda lagt til 2. studieår arbeidsplassbasert: Barns utvikling, leik og læring II (BLUBULL 2-A16), Kunst, kultur og kreativitet (BLUKKK-A16) og Natur, helse og rørsle (BLUNHR-A16). Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Studentane skal oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei utviklar kunnskapane og ferdigheitene sine fram til yrket som barnehagelærar. Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har
- kreative prosessar og om å skape estetiske opplevingar for barn
- mat og helse i barnehagen
- barn si språkutvikling
- foreldresamarbeid
Studenten kan
- utvikle relasjonar til alle barn der relasjonane ber preg av omsorg, innleving og anerkjenning av kvart einskilt barn
- ta aktivt del i læringsrike opplevingar med barn
- ta omsyn til barns ulike bakgrunn og føresetnader
- leie ei barnegruppe og personalgruppe
- vurdere ulike typar læremiddel, og bruke IKT som pedagogisk verktøy i dokumentasjonsarbeidet
Studenten
- har fått ei god innsikt i kva det vil seie å utvikle ein profesjonell identitet
- har gode profesjonsetiske haldningar
- kan skape gode relasjonar til dei føresette
Praksisopplæringa 2. studieår arbeidsplassbasert omfattar 30 dagar. Som ein del av førebuinga til praksis er det krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.
I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for andre studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at det går føre seg rettleiiande samtalar i det daglege arbeidet mellom praksislærar og student.
Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. I praksis skal studentane ha vekt mat og helse, barns språkutvikling og estetiske opplevingar. Studenten skal gjennomføre leiardagar i praksis.
I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonell identitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar til seg sjølv og praksislærar, medstudentar, praksisbarnehagen og praksisperioden blir klargjort
Vi viser til Praksishefte for Barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.
Frammøtekrav:
I praksis er det krav om minimum 90% frammøte for å få stått praksis
Arbeidskrav:
- Studenten skal gjennomføre eit arbeidskrav knytt til emne BLUNHR-A16.
- Studenten skal gjennomføre eit arbeidskrav knytt til BLUBULL2-A16
- Studenten skal gjennomføre eit arbeidskrav knytt til emne BLUKKK-A16
- Studenten skal planleggje, gjennomføre og evaluere leiardagar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. Midtvegs i praksis skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegssvurdering. Til slutt i praksis skal studenten motta ei skriftleg sluttvurdering. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren Stått i praksis. I tillegg må kravet om 90% frammøte/deltaking vere stetta.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individual | 30 Days | Pass / fail | Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i Praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. |