Semesters

BLUSTM-A16 Språk, tekst og matematikk i barnehagelærarutdanninga

Course code: 
BLUSTM-A16
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Autumn
2019 Spring
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

 

I dette kunnskapsområdet vert barns språklege, omgrepsmessige, matematiske og tekstkulturelle utvikling tematisert. Desse utviklingsområda er viktige for barns leik, læring og danning, og er avgjerande for at barn kan utvikle relasjonar til andre menneske og fungere sosialt i eit fleirspråkleg, fleirkulturelt og demokratisk samfunn. Innhaldet i kunnskapsområdet dreier seg om barns språk og språkutvikling, barnelitteratur og mediekultur og barns matematiske meiningsskaping, kreative undring og problemløysing. I dette kunnskapsområdet fokuserer vi på barnehagelærarens rolle og ansvar for å og gje barn varierte erfaringar med tilpassa språklege, litterære og matematiske aktivitetar. Barnehagelæraren si rolle i samspel, leik og kommunikasjon vert vektlagt. Her vil tema som tilrettelegging og anerkjennande grunnhaldning vere sentrale. Kunnskapsområdet skal sikre studenten ein kompetanse som gjev alle barnehagebarn ei best mogleg språk- og matematikkutvikling og ein god overgang mellom barnehage og skule.

Kunnskapsområdet kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap om språk- og matematikkutvikling, dokumentasjon og vurdering. Kunnskapsbasen byggjer på faga norsk, matematikk og pedagogikk. Undervisninga vil tydeleggjere ei barnehagepedagogisk tilnærming og fagdidaktisk forsking knytt til kunnskapsområdet, der praksis inngår som ein integrert del. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • barns matematiske utvikling, barns munnlege og skriftlege språk og språkutvikling, barns språk- og lesevanskar
  • skjønnlitteratur og sakprosa for barn, sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar og moderne tekst- og mediekulturar
  • barns problemløysingskompetanse og omgrepsutvikling i matematikk og har kunnskap om verdien av å utvikle positive haldningar til matematikk, språk og språkmangfald
  • tal, teljing, rekning, talsystem, måling, rom, form, mønster og symmetri tilpassa aldersgruppa, og matematikk som verktøy for systematisk utforsking og tenking
  • leikens verdi for språk- og matematikklæring
  • samanhengen mellom barnehage og skule 
  • samisk kultur og forteljetradisjon
  • og kjenner til samarbeid med ulike instansar rundt barn og familiar i vanskelige livssituasjonar.
Learning outcome skills

Studenten skal kunne:

  • gjere greie for korleis ein kan observere, legge til rette for, analysere, kartlegge og følje opp barns sosiale, språklege og matematiske utvikling
  • gjere greie for kva det vil seie å vere ein bevisst språkleg rollemodell og ein samtalepartnar som framhevar utvikling, læring og danning i arbeid med barnehagens innhald
  • gjere greie for korleis ein kan organisere eit inkluderande og stimulerande læringsmiljø for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing og sikre kvalitet og kulturelt mangfald i barnehagens tekstformidling
  • gjere greie for korleis ein kan rettleie og inspirere barn når dei utforskar munnlege og skriftlege sjangrar, matematiske problem, symbol og samanhengar
  • formidle tekst, fortelje, lese høgt og syngje 
  • analysere og vurdere ulike kartleggingsverktøy
  • vurdere ulike typar læremiddel, og bruke IKT som pedagogisk verktøy i arbeidet med kunnskapsområdet.
Learning outcome qualification

Studenten:

  • skal kunne dokumentere og evaluere barnehagens arbeid med språk, tekst og matematikk og ta på seg leiaransvar for prosjektarbeid
  • skal kunne gjere greie for korleis ein kan kommunisere og drøfte fagleg-pedagogiske problemstillingar med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar
  • er aktiv i barnehagefaglege diskusjonar knytt til språk, tekst og matematikk
  • meistrar norsk munnleg og skriftleg, bokmål og nynorsk, og kan bruke språket kvalifisert i profesjonssamanheng
  • skal kunne analysere og reflektere over profesjonelle og etiske utfordringar knytt til språk, tekst og matematikk
Working and learning activities

 

  1. Språk- og matematikkstimulering 

  2. Leikens verdi for språk og matematikkutvikling

  3. Språk- og omgrepsutvikling

  4. Kommunikasjon og anerkjennande grunnhaldning

  5. Tekst- og mediekultur

  6. Barnelitteratur

  7. Dokumentasjon

  8. Prosjektarbeid og metodar for utviklingsarbeid

  9. Samanheng barnehage – skule

Kunnskap og dugleikar i språk, tekst og matematikk vert tileigna i ein kombinasjon av å delta i aktivitetar i basisgrupper og seminargrupper, på førelesingar på campus og Adobe Connect og gjennom sjølvstudium. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i dette kunnskapsområdet,Jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6. Ein vil gjennom arbeidet med kunnskapsområdet fokusere på korleis den faglege utviklinga kan tilpassast barna sine erfaringsbakgrunnar, interesser, anlegg og føresetnader, uavhengig av kjønn og kulturell bakgrunn, og sikre barns rett til medverknad. Det faglege innhaldet frå dette kunnskapsområdet skal vere ein aktiv del av praksis, blant anna gjennom eit praksisprosjekt.

Assessment requirements

I løpet av studiet skal studentane utføre og få godkjend minst fem arbeidskrav. Nokre av arbeidskrava skal vere individuelle arbeid, andre skal utførast i basisgrupper eller andre grupper. For meir informasjon om arbeidskrav, sjå § 7-2 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav nr 1: Eit individuelt fagleg arbeid knytt til høgtlesing og formidling i barnehagen. Studenten skriv ein tekst på 1200 ord. Teksten skal vere skriven på nynorsk. Faglærar gjev respons på teksta. Kvar student skal gjennomføre ei formidling av den valde boka/teksten. 

Arbeidskrav nr 2: Eit fagleg eller tverrfagleg arbeid knytt til barns matematiske utvikling. Arbeidet vert utført og innlevert av basisgruppene. Evalueringa vil også gå føre seg i basisgruppene ved at kvar basisgruppe kommenterer og vurderer arbeidet frå ei anna basisgruppe. Faglærar rettleiar i vurderingsprosessen der det trengs, og utfører den endelege godkjenninga. Omfang: 4000 – 5000 ord.

Arbeidskrav nr. 3: Eit individuelt skriftleg arbeid etter SOM-seminaret (Saman Om Omsorg) på minimum 1500 ord og maksimum 2000 ord.

Arbeidskrav nr. 4: Eit individuelt prosjektarbeid knytt til praksis med temaet «Barnehagen som språk-, tekst-  og matematikkverkstad». Omfang: 5000 ord.

Arbeidskrav nr. 5: Eit individuelt fagleg arbeid knytt til samanhengen barnehage-skule. Omfang: 2000 ord. 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng
Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
ordbok
Approval signature: 
Liv Kristin Bjørlykke Øvereng