Semesters

BVA303 Innovasjon, fagutvikling og tverrfagleg samarbeid

Course code: 
BVA303
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Kunnskap om innovasjon og fagutvikling i møte med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar er viktig kompetanse i barnevernet. Emnet plasserer seg i spennet mellom teori og praksis, og skal gi avansert kunnskap om innovasjon og fagutvikling i kunnskapsbasert barnevernsarbeid. Emnet legg vekt på korleis forskingsbasert kunnskap, brukarkunnskap og erfaringsbasert kunnskap supplerer kvarandre og er grunnlag for kvalitativt betre praksis. Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar er sentralt, og emnet vektlegg etiske aspekt ved slikt arbeid.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om vilkåra og moglegheitene for fagutvikling og innovasjonsarbeid innan barnevern
  • har inngåande kunnskap om innovasjon og innovasjonsprosessar i arbeid med barn unge og familiar i utsette livssituasjonar
  • har avansert kunnskap om barnevernets rolle og samfunnsmandat og korleis tverrfagleg og tverrprofesjonelt samarbeid kan gi god hjelp til barn, unge og familiar i utsette livssituasjonar
Learning outcome skills

Kandidaten

  • kan bruke relevante metodar for å planlegge, leie og evaluere eit avgrensa fagutviklings- eller innovasjonsprosjekt i barnevern
  • kan bruke forskingsbasert, erfaringsbasert og brukarbasert kunnskap i fagutviklings- og innovasjonsarbeid i barnevern
  • kan gjennomføre fagutviklings- og innovasjonsprosessar som involverer barn, unge og familiar og reflektere over ulike faglege og etiske aspekt ved brukarinnvolvering i slike prosessar
  • kan gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt i barnevernsarbeid, under rettleiing og i tråd med gjeldande foreskingsetiske normer
  • kan reflektere over og vurdere korleis posisjon, makt, forforståing, og haldningar verkar inn på samarbeidsrelasjonar med barn, unge og familiar og i tverrfagleg samarbeid
Learning outcome qualification

Kandidaten

  • kan nytte sine kunnskapar og ferdigheiter for å gjennomføre innovasjonsprosjekt i arbeid med barn, unge og familiar
  • kan bidra til, og koordinere, tverrfagleg samarbeid i komplekse situasjonar saman med barn, unge og foreldre
Working and learning activities

Samlingsbasert undervisning, sjølvstudium og rettleia praksis og fagleg utviklingsprosjekt. Praksis og prosjektarbeid går føre seg parallelt. Problemstillinga for prosjektet skal utarbeidast i lag med profesjonsutøvarar, barn og/eller foreldre ved praksisplassen. Prosjektet kan gjennomførast individuelt eller i gruppe. Høgskulen har gjennom sine samarbeidsavtalar tilgjengelege praksisplassar, men studenten kan søke om å få gjennomføre praksis på eigen arbeidsplass.

Vi viser til Retningslinjer for praksisstudium for Master i barnevernsarbeid ved Høgskulen i Volda.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

  • Minimum 65 prosent frammøte til undervisingsaktivitetar i emnet

Arbeidskrav:

  • Godkjent individuell praksisavtale
  • Godkjent praksis
  • Presentasjon av prosjektrapport frå praksis

 

Maximum number of students: 
20
Person in charge: 
Bjørn Kjetil Larsen
Reidunn Håøy Nygård
Used in other programs
  • Child welfare work - master (part time)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Rapport
Individual or Group exam
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
4000 ord +/- 10 prosent
Approval signature: 
Randi Bergem 26.06.2023