Semesters
BVA305 Masteroppgåve
I alt 60 studiepoeng av masterprogrammet må vere fullført for å få opptak til emnet, inkludert dei obligatoriske emna BVA301, BVA302 og BVA303. Masteroppgåve kan ikkje leverast før ein har bestått eksamen i BVA304 Forskingsmetode og vitskapsteori.
Emnet BVA305 Masteroppgåve i barnevernsarbeid skal medverke til utvikling av praksis i barnevernsfeltet som er basert på vitskapleg reflektert kunnskap. Problemstillingane i emnet og dei oppgåvene studentane arbeider med, skal ha klar praktisk relevans for barnevernsarbeid og samla bidra til auka kompetanse i praktisk arbeid, FoU-arbeid, undervisning og førebyggande arbeid.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
har inngåande kunnskap om forskingsmetoden som er valt for masteroppgåva
har inngåande kunnskap om forskingsetiske retningslinjer
har omfattande kunnskap om feltet kandidaten forskar på
har forskingsmetodisk kunnskap til å kunne analysere og vurdere eiga og andre si forsking
har kunnskap om krav til akademisk skriving
.
Kandidaten
kan på ein sjølvstendig måte utvikle eit forskingsopplegg med relevans for barnevernsfagleg arbeid som gir relevante data; innsamla og analysert med vitskaplege metodar
kan vurdere om ulike forskingsdesign er tenlege for å utvikle kunnskap og analysere og vurdere eiga og andre si forsking
kan gjere grundige forskingsetiske vurderingar gjennom heile forskingsprosessen
kan finne og bruke relevant litteratur og kunne setje eiga forsking inn i ei teoretisk ramme på ei kritisk reflektert måte
meistrar akademisk skriving og kunne presentere eigne forskingsprosjekt, resultat og faglege drøftingar både skriftleg og munnleg
Kandidaten
har grunnleggande kompetanse i å planlegge, gjennomføre, presentere og reflektere kritisk i sjølvstendige forskings- og utviklingsprosjekt
Emnet består av tre samlingar (tre dagar per samling)
Undervisning om oppgåveskriving og analyse
Presentasjonsseminar – studentar presenterer og kommenterer
Arbeid med prosjektskisse for masteroppgåva
Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad for læringsutbytet.
Frammøtekrav:
- Det er krav om minimum 65 prosent frammøte til undervisninga i emnet.
Arbeidskrav:
Studentane må presentere frå arbeidet med masteroppgåva, og delta på presentasjonane til medstudentane, på minst to av dei tre samlingane.
Godkjent prosjektskisse
For å levere masteroppgåva, må studenten ha bestått eksamen i emnet BVA304 Forskingsmetode og vitskapsteori.
Masteroppgåva må vere bestått for å få gå opp til munnleg justerande eksamen.
- Child welfare work - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Master's thesis | Individual | 2 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 25 000 ord (+/- 10 prosent) | |||
Adjusting oral examination | Individual | Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |