Semesters
DJM313 Avansert journalistisk praksis
Dette emnet skal gi studentane avansert praktisk røynsle frå mediebedrifter og omfattar praksisførebuande førelesningar og seminar, ekstern praksis og eksamensproduksjon. Etter å ha gjennomført emnet skal studentane vere i stand til å arbeide sjølvstendig med komplekse oppgåver innafor sitt felt (journalistikk, animasjon, kommunikasjon, medieproduksjon).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- har inngåande kunnskap om komplekse arbeidsprosesser i mediebransjen
- har avansert kunnskap om ulike praksisbaserte læringsformar
- har inngåande kunnskap om medieyrkenes ulike samfunnsroller
- kan fylle ein utøvande rolle i ei medieverksemd på ein sjølvstendig måte
- kan nytte medieteori og metode til å delta i krevjande produksjon og til å reflektere rundt eige arbeid på ein avansert måte.
- kan nytte ulike informasjonskjelder på kritisk vis i medieprosjekt
- kan nytte sin kunnskap og sine ferdigheiter på nye område for å utføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt
Emnet strekkjer seg over eitt semester og består av forelesingar, seminar og 8-10 vekers ekstern praksis.
For å kunne gå opp til avsluttande eksamen må studenten ha gjennomført ekstern praksis og fått godkjent praksisrapporten. Praksisrapporten skal vere på om lag 3000 ord og leverast
saman med logg til emneansvarleg innan gitt frist.
I praksisrapporten skal studenten dokumentere arbeidet ho eller han har utført i den eksterne praksisperioden.
Frammøtekrav: Den første samlingen er obligatorisk.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Documentary and journalistics
- Master in Documentary and Journalism - part time
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |
Eksamensproduksjonen er eit eige arbeid innanfor den spesialiseringa studenten har valt. I metoderapporten skal studenten drøfte arbeidet med eksamensproduksjonen og presentere kvalifiserte refleksjonar i høve til praksis og rutinar på praksisstaden på ein måte som syner at
han eller ho kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innafor fagområdet. Rapporten skal vere ca. 5000 ord.