Semesters
DKL20K47 Fagfornying og klasseleiing i teknologirike klasserom (4.-7. trinn)
Ingen.
Digitale verktøy og teknologiske løysingar pregar livet vårt både på og utanfor skulen. I skulen og klasserommet skal læraren halde fast ved skulen si kjerneverksemd samstundes som han/ho skal tilrettelegge for bruk av digitale verktøy i elevane sitt læringsarbeid. Det kan vere utfordrande å integrere og balansere “det nye” og “det gamle” i eit komplekst samspel. I dette emnet ser vi nærare på klasseleiing/ læringsleiing i teknologirike klasserom på mellomtrinnet. Vi ser dette opp i mot intensjonane i fagfornyinga, og konkretiserer korleis fagfornyinga påverkar undervisninga framover.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har oversikt over dei viktigaste prinsippane i fagfornyinga, og veit korleis dei påverkar læringsarbeidet i klasserommet.
- Har grunnleggjande kunnskapar om effektiv bruk av digitale verktøy i klasserommet.
- Har grunnleggande kunnskap om digitale læringsmiljø, til dømes til kommunikasjon, lagring, samarbeid, oppfølging og vurdering.
- er kjent med, og har forståing for, forskning og utvikling innan klasseleiing ved bruk av digitale ressursar
Kandidaten kan:
- Ta i bruk digitale verktøy i planlegging og gjennomføring av læringsarbeidet.
- planlegge og lede læringsarbeid ut i frå intensjonane i fagfornyinga.
- Initiere, følgje opp og vurdere elevarbeid gjennom digitale verktøy.
- Betre forståing for teknologiens plass og potensiale i eit moderne klasserom.
- Betre evne til å ta i bruk digitale verktøy i undervisning og kollegialt samarbeid.
- Auka profesjonsfaglig digital kompetanse.
- Kjenne til dei viktigaste prinsippa i fagfornyinga
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av samlingar, utprøving i eige klasserom og nettbaserte læringsressursar.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte på samlingar, oppgitt i semesterplan.
Arbeidskrav: Arbeidsoppgåver gjennom semesteret vil inngå i eksamensmappa.
Kr. 3.950,- + semesteravgift
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual or Group exam | 1 Semester | Pass / fail | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med arbeida frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. Grunna den pågåande utviklinga i teknologiske moglegheiter vil arbeidet gjennom semesteret variere litt frå semester til semester, og vil vere tydeleg spesifisert i semesterplanen. |