Semesters
DRUSK901 Utdanning, språk og kultur
Ingen. Sjå opptakskrav i studieplanen.
Emnet er eit obligatorisk innføringsemne i ph.d.-studiet «Utdanning, språk og kultur». Humaniora og utdanningsvitskap er fagtradisjonar med sams røter, historie og mål. Både utdanningsvitskapen og dei andre humanistiske faga søkjer kunnskap om kultur og menneskeleg utvikling, læring og danning, og dette profilemnet skal tene som vitskapsteoretisk grunnlag og forankring for kandidatane sine forskingsprosjekt.
Emnet vil skape medvit om spenninga mellom tradisjon og kritikk. Nyare debattar om nytten av humaniora vil bli tekne opp og drøfta. Ikkje minst vil emnet opne for refleksjon kring tilhøvet mellom kulturelt minne og kulturell makt. Emnet innbyr til kritiske perspektiv på kunnskap, historie, religion, kultur og samfunn. Det handlar mellom anna om innsyn og kritiske perspektiv på verdigrunnlaget i skulen og utdanningspolitiske reformer, og om kritisk blikk på kanoniseringsprosessar, på det ofte manglande transnasjonale perspektivet i nasjonaliserings-prosessar og på minoritets- og kjønnsdiskriminerande praksisar: Kven får til dømes plass i læreverk og historiebøker, eller kjem til orde i høgkultur, populærkultur, sosiale medium og nyhende?
Dette ph.d.-emnet i Utdanning, språk og kultur ved Høgskulen i Volda bygger på lange opplysingstradisjonar, lokal utdanningshistorie og forsking på skriftkultur og lese- og skrivekunne – i tilnærmingar på tvers av profesjons- og disiplinfag.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- meistrar den historiske bakgrunnen for humaniora og utdanningsvitskap
- kjenner godt til filosofiske og idéhistoriske retningar med relevans for fagområda utdanning, språk og kultur
- har djup innsikt i mangfaldet av fag og forskingsobjekt og korleis dei kan ha nytte av kvarandre
- har forståing for korleis historisk, kulturell, ideologisk og politisk kontekst kan prege tenking og omgrep
- kan vurdere ulike typar analytiske perspektiv og strategiar innanfor kritisk tenking
Kandidaten
- kan orientere seg i tradisjonar og problemstillingar for forsking på utdanning, språk og kultur
- kan plassere sitt eige forskingsarbeid i ein aktuell fagleg kontekst
- kan vurdere kulturelle praksisar kritisk
- kan utvikle gode forskingsstrategiar for eige arbeid og kritisk vurdere eigne og andre sine forskingsprosjekt, publiseringar og kulturelle praksisar
- kan handsame komplekse forskingstilnærmingar og forskingspolitiske spørsmål
Kandidaten
- kan lese og analysere akademiske tekstar kritisk og nytte relevant informasjon til eige forskingsarbeid
- kan argumentere logisk og samanhengande, skriftleg og munnleg ut frå perspektiv relatert til utdanning, språk og kultur
- kan drøfte og formidle relevante problemstillingar knytt til eige forskingsprosjekt til ulike målgrupper både innan- og utanlands
Undervisninga er samlingsbasert. På samlingane vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer, slik som førelesingar, seminar, oppgåveløysing og kandidatpresentasjonar. Fagfellerespons og andre tilbakemeldingar blir gitt munnleg på samlingane og skriftleg via læringsplattforma Canvas.
Frammøtekrav:
Undervisninga er obligatorisk med 80% oppmøteplikt.
Arbeidskrav:
Emnet har to arbeidskrav
- Ei skriftleg innlevering (om lag 1500 ord) om ein artikkel eller eit bokkapittel frå pensum. Tema vert valt i samråd med emneansvarleg.
- Ein munnleg presentasjon for med-kandidatane av eit utvalt tema eller problemstilling frå det skriftlege arbeidskravet – med obligatorisk respons frå med-kandidatar. Det skal leggast særleg vekt på relevansen for eiga forsking. Både det skriftlege og munnlege arbeidskravet må få karakteren godkjent/stått av emneansvarleg.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 2 Weeks | Pass / fail | 100 % | Eksamen skal skrivast på norsk eller engelsk | Alle. | Om lag 3000 ord (ekskl. referansar) |