Semesters
GL1-7KROP1 Kroppsøving 1
Faget kroppsøving for 1.-7. trinn i lærarutdanninga skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen. Undervisninga i faget skal vere forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøvings som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Kroppsøving skal gje studentane solid pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, men også til å utvikle faget i framtida og på eit breiare grunnlag ivareta dei kroppslege dimensjonane ved det å vere menneskje. Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane si allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar. Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen. Det vert lagt vekt på kroppsøving som ein del av begynneropplæringa med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Kroppsøving i ulike rørslemiljø, tilretteleggjing for leik og begynneropplæring i idrett, symjing, dans og friluftsliv står sentralt. Pedagogikken i emnet byggjer på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studentane får både prøve seg sjølv i ulike rørsleaktivitetar og i varierte arbeidsmåtar som er eigna til å fremje kroppsleg utvikling, læring, kreativitet og rørsleglede for alle elevane. Kjennskap til alderstypiske trekk og samarbeid med praksis om å møte eleven og elevgrupper i kroppsøving er av vesentleg betyding for å nå målsetjingane i kroppsøving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført studie har studentane kunnskap om:
- kroppsøvingsfaget sin eigenart
- kroppsøvingsfaget si utvikling og historie vurdering og dokumentasjon i lys av kroppsøvingsfaget sin eigenart
- leik og sansemotorikk som grunnlag for fysisk aktivitet for born og unge- allsidig og grunnleggande rørsleerfaring si betyding for barn og unge si totale utvikling og framtidige deltaking i leik, idrettaktivitet og friluftsliv i skule og fritid
- korleis ein kan observere og analysere rørsleaktiviteten til born i ulike rørslemiljø- grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn og unge
- grunnleggande anatomi med tanke på fysisk utfalding
- grunnleggande prinsipp i bevegelseslæra, mekaniske og organiske forhold ved bevegelsar
- grunnleggjande ergonomi
- barn og unge med utgangspunkt i teoriar om fysisk og motorisk utvikling, betyding av kjønn, sosial bakgrunn, den fleirkulturell skulen, evne og funksjonsnivå knytt til kroppsøving og kroppsleg læring
- fysisk aktivitet og kroppsøving i eit folkehelseperspektiv
- praktisk erfaring med grunnleggjande element knytt til tilpassa opplæring for born og ungdom med ulike føresetnader
- faglege og didaktiske avvegingar knytt til undervisning og læring i kroppsøving for elevar på trinn 1-7
- leik, idrett, symjing og friluftsliv og tidsaktuelle rørsleformer i barn sin oppvekst
- korleis kroppsøving kan bidra til utvikling av dei grunnleggjande dugleikane; uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykkje seg skriftleg, rekne, bruke digitale verktøy i begynneropplæringa, og korleis det frå faget sin eigenart er naturleg å inkludere desse
- motorisk læring og betydinga av dette i barn si utvikling
- fysisk aktivitet og kroppsøving i eit folkehelseperspektiv
- kroppen som symbol i dagens samfunn med vekt på korleis dette kjem til uttrykk i barnekultur
Etter å ha fullført studiet har studentane ferdigheiter i:
- det å planleggje, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning i kroppsøving ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske krav
- tilrettelegging og leieing av læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, idrett, symjing, friluftsliv, og tidsaktuelle rørsleformer som er aktuelle for trinn 1-7
- vurdering av elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring, og læringsfremjande tilbakemelding
- å ferdast i kystnære strøk
- å identifisere farer og ivareta tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
- å utføre livreddande førstehjelp, symje og utføre livberging i vatn
- å ta seg fram og legge til rette for ferdsel i ukjent terreng ved hjelp av kart og kompass
- å leggje til rette for læring i praktiske aktivitetar for barn og unge
- grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske disiplinane
Etter å ha fullført studiet har studentane generell kompetanse til å:
- vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning
- ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
- bidra til skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
- kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om problemstillingar knytt til kroppsøving og kroppsleg læring
- forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som kroppsøvingslærar
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, ved kysten, på baner, i symjehall og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.
Studentane må rekne med fråvær frå heimen i inntil 3 dagar (kurs 5).
Emnet er samansett av følgjande kurs:
Teoretiske kurs:
Kurs 1. Motorisk utvikling
Grunnleggjande innføring i fagområdet motorikk
Grunnleggjande innføring i observasjon og analyse av borns motorikk og leik i ulike rørslemiljø
Utvikling av fysiske eigenskapar og kva konsekvensar det har for motorikken til barn og unge
Omgjevnadane si betyding for læring av rørsler.
Allsidig og grunnleggjande rørsleerfaring si betyding for barn og unge si utvikling av eit funksjonelt sanseapparat og kroppsmedvit
Grunnleggjande rørsler si betyding for born og unge si deltaking i idrett, idrettsaktivitet og friluftsliv i skule og fritid, samt grunnleggjande og enkle prinsipp og metodar for tilrettelegging av fysisk aktivitet
Spennings- og risikofylt rørsleleik si betyding for barn og unge si heilskaplege utvikling
Kurs 2. Bevegelseslære 1
- Grunnleggande anatomi med tanke på fysisk utfalding
- Grunnleggande prinsipp i bevegelseslæra, mekaniske og organiske forhold ved bevegelsar
- Ergonomi
Kurs 3. Fagdidaktikk i kroppsøving og idrett
- Innføring i fagdidaktikk knytt til idrett, kroppsøving og friluftsliv.
- Didaktikk knytt til lagspel, læring og leiing.
- Undervisningsmetodar og arbeidsmåtar med tanke på tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og unge.
- Drøfting av faglege, pedagogiske og praktiske problemstillingar knytt til den organiserte idretten, kroppsøvingsfaget og friluftsliv.
- Teori knytt til vurdering, tiltak, prioriteringar og val ved tilrettelegging for læring gjennom fysisk aktivitet.
Praktiske kurs med didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for barn og unge i kurs 4-9.
Kurs 4. Stup, turn og grunnleggjande koordinasjon.
- Stup: Eit utval stupøvingar frå sviktbrett og tårn
- Turn: Grunnleggjande turnøvingar ute og i sal
- Generell koordinasjon: Utvikling av generelle koordinative eigenskapar
Kurs 5. Kystfriluftsliv.
- Innføringskurs i grunnleggjande dugleikar i friluftsliv. Oppstartstur på Yksnøya med overnatting.
Kurs 6. Symjing og livberging
- Vasstilvenning
- Opplæring i symjeartane bryst
- Rygg- og frisymjing
- Ballspel i vatn
- Basisdugleikar i symjing, dykking, ilandføring og HLR
- Livbergingsprøve
Kurs 7. Orientering
- Orientering i idrett og kroppsøving
- Bruk av kart og kompass i ulike miljø
Kurs 8 Friidrett
- Innføring i grunnleggjande friidrettsteknikkar
Kurs 9. Leik og idrettsaktivitetar
- Kreativ læring
- Tradisjonelle og utradisjonelle leikar og idrettsaktivitetar i ulike rørslemiljø
- Grunnleggande innføring i innebandy, med fokus på tilrettelegging for barn og unge
Frammøtekrav:
Kurs 1, 2 ,3 , 6, 7, 8 og 9: krav om 80% oppmøte.
Kurs 4: krav om 80 prosent frammøte/deltaking totalt og minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs
Kurs 5: Kystfriluftsliv: krav om 100 % aktiv deltaking.
Arbeidskrav:
Arbeidskrav:
- Forskings- og utviklingarbeid (kurs 3) individuelt/grupper. Retningslinjer og krav vil gå fram av kursplan. Omfang på oppgåva: ca. 5000 ord. Munnleg presentasjon av oppgåva gruppevis/individuelt.
Kurs 1, Motorisk utvikling: Observasjon og analyse av borns motorikk og leik i ulike rørslemiljø. Skriftleg innlevering i grupper.
- Vist innsats og eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane i emnet etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane. Studentar som blir vurderte til ikkje godkjent kan verte pålagde ferdigheitsprøver.
Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåve i orientering og symjing og livberging.
Godkjent gruppeoppgåve i turn og generell koordinasjon knytt til eigentrening.
- Godkjent livbergingsprøve i basseng.
- To godkjente praktisk-metodiske oppgåver (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet. Gjennomført respons i grupper til medstudentar under PMO. Retningslinjer vert lagt fram ved studiestart.
- Planlegging, gjennomføring og observasjon av leik og fysisk aktivitet med barn i sal (kurs 1).
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Materialavgift: 400kr
Studentane kan rekne med å få utgifter til transport og opphald i samband med undervisning/ekskursjonar i kurs 1, 5, 7 og 8.
Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg.
Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 3 Days | Pass / fail | ||||
Written Exam | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 30 | Digital eksamen. Kurs 1: Motorisk utvikling. | ||
Written Exam | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 30 | Digital eksamen. Kurs 2: Bevegelseslære 1. | ||
Written Exam | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Digital eksamen. Kurs 3: Fagdidaktikk i kroppsøving og idrett. |
Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid.