Semesters

GL1-7KROP2 Kroppsøving 2

Course code: 
GL1-7KROP2
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Course content

Faget kroppsøving for 1.-7. trinn i lærarutdanninga skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen.

Undervisninga i faget skal vere forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Kroppsøving skal gje studentane solid pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, men også til å utvikle faget i framtida og på eit breiare grunnlag ivareta dei kroppslege dimensjonane ved det å vere menneskje.

Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane sin allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar. Det blir også arbeidd med å sjå kroppsøving i tverrfaglege samanhengar i skulen. Gjennom arbeidet med Kroppsøving 2 skal studentane utvikle sjølvstendig refleiksjon og vurdering av eiga undervisning.

Emnet er sett saman av desse kursa:

Kurs 1. Idrettspedagogikk
- Pedagogiske problemstillingar retta mot idrett og kroppsøving
- Motivasjon og meistring hjå ulike målgrupper
- Idrett og sjølvbilete
- Læring i idrettsgrupper
- Kropp, kultur og samfunn
- Barne- og ungdomsidretten

Kurs 2. Fysiologi og treningslære

- Fysiologi med tanke på arbeidskapasitet og trening

- Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag

- Idrettsskadar

- Doping 

Praktiske kurs: Didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging for ulike aldersgrupper.

Kurs 3. Dans 
- Dans ved hjelp av lyd og rytme, og musikk.
- Dans som samværs -, kommunikasjons – og treningsform.

Kurs 4. Ski
- Leik på ski
- Innføring i svingteknikk.

Kurs 5. Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar.
- Om idrett for alle. Meistring, inkludering og likeverd.
- Praktisk aktivitet for å få kunnskap om og innsikt i ulike utfordringar ein som kroppsøvingslærar/trenar kan møte.
- Planleggje og ta del i Spenningskurset på Bjorli eller tilsvarande praksis.

Kurs 6. Praktisk treningslære  

- Bruk av enkelt test- og registreringsutstyr

- Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag 

Kurs 7. Ballspel

- Innføring i ballspela volleyball, handball, fotball og basketball der ein øver grunnleggjande tekniske og taktiske dugleikar, praktisk metodiske innlæringsmoment, fagdidaktikk, tilrettelegging for ulike aldersgrupper, tillempingar for skulebruk, normer og reglar.

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

 Etter å ha fullført studiet har studentane tileigna seg kunnskap om:

  • idrettspedagogiske teoriar og praksis og kan forholde seg til kritisk til dette
  • forskings- og utviklingsarbeid knytt til kroppsøving
  • trening, treningsprinsipp og treningsleiing eigna for ulike aldersgrupper kroppen i rørsle, spesielt med tanke på læring av kroppslege og idrettslege dugleikar
  • ulike tilnærmingar til læring, motivasjon og leiing i idrett og skule
  • idrett og sjølvbilete
  • den organiserte barne og ungdomsidretten
  • fagdidaktiske teoriar og praksis knytt til undervisning og instruksjon og kan forholde seg kritisk til dette
  • praktisk erfaring med grunnleggjande element knytt til tilpassa opplæring for born og ungdom med ulike føresetnader
  • planlegging, tilrettelegging gjennomføring av praktisk metodisk opplegg i utvalde aktivitetar
  • den spesifikke didaktikken og fagkunnskapen knytt til grunnleggjande tilrettelegging for læring i praktiske aktivitetar

 

Learning outcome skills

Etter å ha fullført studiet har studentane tileigna seg ferdigheiter i

  • og har erfaring med grunnleggande fagdidaktikk i praksis, og vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
  • vidareutvikling av eigne kunnskapar og dugleikar i leik, idrett, dans, friluftsliv og tidsaktuelle rørsleformer med tanke på undervisning i kroppsøving
  • vurdering av rørslemiljø, aktivitet og trening eigna for ulike aldersgrupper
  • vurdering av fagdidaktiske problemstillingar og kan bruke relevant teori og forsking med sikte på å forbetre undervisning og læring i kroppsøving gjennomføre forsøks- og utviklingsarbeid knytt til eigen lærarkompetanse i kroppsøving
  • utviding av eige repertoar av aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervisning i kroppsøving
  • tilrettelegging for læring i praktiske aktivitetane for barn og ungdom med ulike føresetnadar
  • utføring av grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske kursa
  • meistring av norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte.
  • tilrettelgging for og leiing av læringsarbeid gjennom varierte arbeidsmåtar i leik, skileik, dans, praktisk treningslære, ballspel, innføring i svingteknikk og tidsaktuelle rørsleformer
  • vurdering av elevane sine rørslemønster og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemelding
  • identifisering av farer og ivaretaking av tryggleik i ulike aktivitetar og rørslemiljø
  • tilrettelegging for læring i praktiske aktivitetar for ulike aldersgrupper 
  • grunnleggjande øvingar og element i dei praktiske disiplinane

 

 

Learning outcome qualification

Etter å ha fullført studiet har studentane generell kompetanse til å

  • vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning
  • ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
  • bidra til skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
  • kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om problemstillingar knytt til kroppsøving og kroppsleg læring
  • forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som kroppsøvingslærar
  • arbeide tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
  • bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving
  • reflektere omkring kroppsøving som del av norsk kultur og i eit fleirkulturelt og internasjonalt perspektiv

 

Working and learning activities

Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, i skibakke og i skianlegg, på baner og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til. Seksjonen nyttar Canvas i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.

Studieturar:

Kurs 4, Ski: Dersom dårlege snøtilhøve må ein rekne med fråvær frå heimen inntil fem dagar.

Kurs 5, Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar: Studentane må rekne med fråver frå heimen inntil seks dagar.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

  • Kurs 1,2,3 og 6: Krav om 80 % oppmøte.
  • Kurs 4 og 5: Krav om 100% frammøte/deltaking
  • Kurs 7: krav om 80% frammøte totalt og med minstekrav om 60% frammøte pr. delkurs.

 

Arbeidskrav:

  • Godkjent mappe individuell innlevering i kurs 1 Idrettspedagogikk, omfang på ca. 2000 ord
  • Godkjent ein seminarpresentasjon i grupper i kurs 1 Idrettspedagogikk
  • Gjennomført eigentreningstimar slik det går fram av kvar kursplan
  • Godkjent eigentreningsrapportar slik det går fram av kvar kursplan
  • Vist eigenferdigheit i dei praktiske aktivitetane i emnet etter krava slik dei er gjort greie for i kursplanane. Studentar som blir vurderte til ikkje godkjent kan verte pålagde ferdigheitsprøver
  • Godkjent idrettsteoriprøve/oppgåver i kurs 3,4 og 7
  • Refleksjonsnotat knytt til kurs 5. Omfang: ca. 1000 ord
  • To godkjent praktisk metodiske oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis skriftleg rapport i utvalde kurs i emnet . I kurs 3, 4 og 7 vert nokre studentar trekte ut til å gjennomføre eit praktisk metodisk opplegg der dei underviser medstudentar. Gjennomført respons i grupper til medstudentar under PMO. Retningsliner for dette arbeidet vert lagt fram ved studiestart.
  • Obligatorisk frammøte og aktiv deltaking på undervisning og seminar i kurs 1 og 5, slik det går fram av kursplan.

 

Evaluation system

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimum number of students: 
1
Maximum number of students: 
15
Person in charge: 
Elisabeth Innselset
Expenses

Materialavgift: 400kr

Kurs 4: Studentane må rekne med utgifter til transport (evt. opphald dersom skikurset ikkje kan leggast lokalt) og heiskort i samband med skiundervisning. Dersom dårlege snøtilhøve må ein rekne med utgifter til opphald, samt fråvær frå heimen inntil fem dagar.

Kurs 5: Studentane må rekne med kostnadar til mat og ein eigenandel på 350,- i samband med kurset.

Studentar som ikkje har høve til å delta på turane må søke om eit alternativt opplegg. 

Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav. 

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
5 Days
Pass / fail
Kurs 4, Ski:
Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid.
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individual
6 Days
Pass / fail
Kurs 5, Friluftsliv, fysisk aktivitet og funksjonshindringar:
Vurderingsgrunnlag: Aktiv deltaking på kurset, førebuing og etterarbeid.
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Kurs 1, Pedagogikk i kroppsøving og idrett.
Written Exam
Individual
3 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Kurs 2: Fysiologi og treningslære.
Approval signature: 
Aud Folkestad