Semesters

GL1-7MAT1B Matematikk 1B

Course code: 
GL1-7MAT1B
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Autumn
2018 Spring
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet omfattar matematikkdidaktiske og matematikkfaglege tema som er viktige for alle som skal undervise i matematikk på stega 1-7 i grunnskulen. Emnet utgjer, saman med GL1-7MAT1A, den obligatoriske matematikkdelen av grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. steget. For å nå måla om læringsutbytte for emnet vert mellom anna følgjande innhald vektlagt;

  • begynnaropplæring
  • semiotiske representasjonsformer
  • kommunikasjon og språket si rolle i matematikk
  • talforståing
  • statistikk; ulike diagram, mål for spreiing og mål for sentraltendens
  • sannsyn; sannsynsomgrepet, ulike sannsynsmodellar og kombinatorikk
  • geometri/måling; grunnleggjande figurar, kongruens og formlikskap, romfigurar og avbildingar og symmetri
  • funksjonar; funksjonsomgrepet og lineære funksjonar
  • matematikkvanskar og matematikkmestring
  • bruk av IKT i matematikk.
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med, særleg talforståing, geometri og måling med vekt på begynnaropplæring.
  • har kunnskap i geometri, funksjonar, statistikk, kombinatorikk og sannsynsrekning, og kan knyte denne kunnskapen til lærestoffet på barnesteget
  • har kunnskap om betydninga semiotiske representasjonsformer har i matematikk, og kva utfordringar som er knytt til overgangar mellom representasjonsformer
  • har kunnskap om språket si rolle for læring av matematikk
  • har kunnskap om vanlege interaksjonsmønster og kommunikasjon knytt til matematikkundervisning
  • har undervisningskunnskap om betydninga av rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle skulefag
  • har kunnskap om å uttrykkje seg munnleg, lese, uttrykkje seg skriftleg og kunne bruke digitale verkty i matematikkfaget
  • har kunnskap om matematikkfaget sitt innhald i barnehagen og på ungdomssteget og om overgangane barnehage-skule og barnesteg-ungdomssteg
  • har kunnskap om eit breitt metoderepertoar for undervisning i matematikk.
Learning outcome skills

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på barnesteget med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hos elevane
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremjar elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argument og bevis
  • kan bruke og vurdere kartleggingsprøver og ulike observasjons- og vurderingsmåtar for å tilpasse opplæringa til elevane sine ulike behov
  • kan kommunisere med elevar, enkeltvis og i ulike gruppesamansettingar, lytte til, vurdere og gjere bruk av elevane sine innspel, og institusjonalisere kunnskap
  • kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysingsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
  • kan førebyggje og oppdage matematikkvanskar og leggje til rette for mestring hos elevar med ulike typar matematikkvanskar. 
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking
Working and learning activities

Emnet legg opp til varierte arbeidsformer som krev engasjement og initiativ frå studentane for å fremje eiga og medstudentar si læring. Arbeidsformene kan inndelast slik: sjølvstudium, utforsking og problemløysing, oppgåveløysing og drøfting, didaktisk refleksjon, studentpresentasjonar og forelesingar. Som ein del av emnet vert døme på faglege og didaktiske utfordingar henta frå studentane sine praksisperiodar løfta fram og arbeidd med. Det vert kravd aktiv deltaking frå studentane i alle deler av studiet.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til dei timeplanfesta aktivitetane.

Arbeidskrav:

  • Tre didaktiske refleksjonsoppgåver. Omfanget på kvar oppgåve skal vere på 500-1000 ord. Ei av oppgåvene vil vere knytt til pedagogisk bruk av digitale verkty.
  • To skriftlege prøver.

Arbeidskrava vert presisert og tidfesta i semesterplanen. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvart arbeidskrav.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Frode Opsvik
Used in other programs
  • Teacher Qualification 1.-7. grade
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade