Semesters

GL1-7NOR2B-D Norsk 2B - Deltid

Course code: 
GL1-7NOR2B-D
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Course content

Emnet er andre del av studiet Norsk 2 for 1.–7. årssteg, deltid. I norsk 2 skal studentane få ei utvida, forskingsbasert innsikt i norsk språk- og tekstkunnskap og fagdidaktikk. Studentane skal arbeide med dei grunnleggjande ferdigheitene og med eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei djupare forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal:

  • ha kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna
  • ha inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, særleg knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
  • ha utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte slike i eige tekstarbeid
  • ha kunnskap om skrivedidaktikk, og korleis dei best kan motivere og rettleie elevar i skriveprosessen
Learning outcome skills

Studenten skal:

  • kunne organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for 1. til 7. steg etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
  • kunne vurdere og reflektere omkring ulike slags prøver i lesing og skriving og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane
  • kunne bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
  • kunne rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kunne lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
Learning outcome qualification

Studenten skal:

  • kunne vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • ha eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
  • vere ein god lese- og skrivelærar
Working and learning activities

Norsk 2 deltid er eit kombinert nett- og samlingsbasert emne. Det er tre obligatoriske samlingar i semesteret.  Kvar samling går over to heile dagar.

Nettundervising, innlevering av arbeidsoppgåver og individuell rettleiing skjer via læringsportalen Fronter og Adobe Connect. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med

mikrofon. 

Assessment requirements

Frammøtekrav: 
Det er obligatorisk frammøte til dei tre samlingane.

Arbeidskrav:

I løpet av studiet skal studentane gjennomføre følgjande arbeidskrav:

  • Gjennomføring av eit didaktisk opplegg med bruk av digitale forteljingar
  • Kunnskapsdeling i eige kollegium eller for medstudentar med utgangspunkt i det didaktiske opplegget
  • To skriftlege tekstar (om lag 1500 ord)

Dei skriftlege tekstane skal vere knytt til gjennomføring av det didaktiske opplegget og til kunnskapsdeling. Det vert gitt nærare informasjon om arbeidskrava og frist for levering i semesterplanen. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Maximum number of students: 
-
Person in charge: 
Pernille Fiskerstrand
Used in other programs
  • Teacher Qualification for 1.-7. grade
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
35 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade