Semesters
GL5-10KRO2 Kroppsøving 2 5-10
GL5-10KRO1
Faget kroppsøving for 5.-10. trinn i lærarutdanninga skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i femte til tiande trinn i grunnskulen.Undervisninga i faget skal vere forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Kroppsøving skal gje studentane solid pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, men også til å utvikle faget i framtida og på eit breiare grunnlag ivareta dei kroppslege dimensjonane ved det å vere menneskje.Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane sin allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar.Emnet byggjer på og er ei vidareutvikling av innhaldet i kroppsøving 1 med vekt på fordjuping i eit utval av rørsleaktivitetar og arbeidsmåtar. Faget si legitimering og historie vert utdjupa, og det blir arbeida med å sjå kroppsøving i tverrfaglege samanhengar i skulen. I emnet inngår kunnskap om og erfaring med forsking og utviklingsarbeid knytt til kroppsøving, spesielt med tanke på ungdomstrinna. Gjennom arbeidet med kroppsøving 2 skal studentane utvikle sjølvstendig refleksjon og vurdering av eiga undervisning.
KUNNSKAPStudenten- har kunnskap om kroppsøvingsfaget si utvikling og historie- har kunnskap om vurdering og dokumentasjon i lys av kroppsøvingsfaget sin eigenart- har kunnskap om forsking- og utviklingsarbeid knytt til kroppsøving- har kunnskap om trening, treningsprinsipp og treningsleiing eigna for ulike aldersgrupper- har kunnskap om kroppen i rørsle, spesielt med tanke på læring av kroppslege og idrettslege dugleikarDUGLEIKARStudenten- kan vidareutvikle eigne kunnskapar og dugleikar i leik, idrett, dans, friluftsliv og tidsaktuelle rørsleformer med tanke på undervisning i kroppsøving- kan vurdere rørslemiljø, aktivitet og trening eigna for ulike aldersgrupper- kan vurdere fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å forbetre undervisning og læring i kroppsøving- kan gjennomføre forsøks- og utviklingsarbeid knytt til eigen lærarkompetanse i kroppsøving- kan utvide eige reperotar av aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervisning i kroppsøvingGENERELL KOMPETANSEStudenten- kan arbeide tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving- kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving- kan reflektere omkring kroppsøving som ein del av norsk kultur og i eit fleirkulturelt og internasjonalt perspektiv
-
-
-
Ein vil variere mellom forelesingar, seminar, gruppe- og individuelt arbeid, praksis og ekskursjonar, aktivitetar i nærmiljø, i skibakke og i skianlegg, på baner, og i sal, og bruke varierte undervisnings- og arbeidsformer som høyrer faget og utdanninga til.Det er krav om 80% frammøte til all obligatorisk undervisning/aktivitetar, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen § 4-6, med unntak av: Kurs 4, Ski, der ein krev 100% frammøte/deltaking Kurs 5, Tilpassa opplæring, der ein krev 100% frammøte/deltaking Seksjonen nyttar Fronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget.Studentane må rekne med utgifter til transport og heiskort i samband med skiundervisning i kurs 4. Dersom dårlege snøtilhøve må ein rekne med utgifter til opphald samt fråver frå heimen i inntil fem dagarStudentane på rekne med kostnadar på mat og ein eigenandel på 350 kr i samband med Spenningskurset på Bjorli i kurs 5, i tillegg til fråver frå heimen i inntil seks dagar.Materialpengar: 400 krEmnet er samansett av følgjande kurs:Teoretiske kurs Kurs 1. Idretts- og kroppsøvingsdidaktikk. - Innføring i fagdidaktikk knytt til idrett, kroppsøving og friluftsliv. - Didaktikk knytt til lagspel, læring og leiing. - Undervisningsmetodar og arbeidsmåtar med tanke på tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og unge. - Drøfting av faglege, pedagogiske og praktiske problemstillingar knytt til den organiserte idretten, kroppsøvingsfaget og friluftsliv.- Teori knytt til vurdering, tiltak, prioriteringar og val ved tilrettelegging for læring gjennom fysisk aktivitet. Kurs 2. Fysiologi og treningslære - Fysiologi med tanke på arbeidskapasitet og trening. - Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag. - Idrettsskapar.- Doping.Praktiske kurs Kurs 3. Dans - Dans ved hjelp av lyd og rytme, og musikk.- Dans som samværs-, kommunikasjons- og treningsform. Kurs 4. Ski - Leik på ski.- Innføring i svingteknikk Kurs 5. Tilpassa opplæring - Teoretisk innføringskurs om idrett for alle. Meistring, inkludering og likeverd. - Praktisk aktivitet for å få kunnskap om, og innsikt i, ulike utfordringar ein som kroppsøvingslærar/trenar kan møte.- Planleggje og ta del i Spenningskurset på Bjorli eller tilsvarande praksis. Kurs 6. Praktisk treningslære - Bruk av enkelt test- og registeringsutstyr (IKT).- Prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit/spenst og leddutslag. Kurs 7. Ballspel- Innføring i ballspela volleyball, handball, fotball og basketball der ein øver grunnleggjande tekniske og taktiske dugleikar, praktisk-metodiske innlæringsmoment, fagdidaktikk, tilrettelegging for barn og unge, tillempingar for skulebruk, normer og reglar.
-
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.