Semesters

GL5-10NOR1A Norsk 1A

Course code: 
GL5-10NOR1A
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2016 Autumn
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

I norsk 1 står arbeidet med vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter til elevar frå 5.- 10. trinn sentralt. Studentane skal få forskingsbasert innsikt i dette temaet og i norsk språk- og tekstkunnskap. Dei skal lære å arbeide med å vidareutvikle dei grunnleggande ferdigheitene, lesing, skriving, munnleg bruk av språket, rekning og bruk av digitale verktøy i norskfaget, og på tvers av faga. Dei skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis. På norsk 1 emne A skal studentane få ei innføring i grunnleggande faglege og fagdidaktiske emne og omgrep knytt til språk og litteratur, lesing, skriving og munnleg. I tillegg skal studentane utvikle kunnskap om og forståing av læreplanar. Fokusområdet på emne A er dei utfordringane som er knytt til formidling av norskfaget på mellomsteget.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

Kandidaten

  • har kunnskap om språket som system og språket i bruk
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
  • kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
  • har kunnskap om barnelitteratur i ulike sjangrar og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
  • har kunnskap om lese- og skrivestrategiar og korleis ein kan leggje til rette for lesestimulering
  • har kunnskap om den gjeldande læreplanen for skolens norskfag
Learning outcome skills

Kandidaten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn på mellomsteget og grunngi faglege val
  • kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket og kunne bruke retoriske kunnskapar i arbeid med munnlege tekstar
  • kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse av skriftlege elevtekstar for å fremje læring
  • kan leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium, utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
  • kan reflektere over tekstars kvalitet og bruksområde og leggje til rette for, gjennomføre og vurdere samtaler om litteratur
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
  • kan bidra til å utvikle lokale læreplanar
  • kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa
Learning outcome qualification

Kandidaten

  • er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
  • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
  • kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
Working and learning activities

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy. Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen. 

Assessment requirements

Arbeidskrav:

  • Eitt skriftleg arbeidskrav. Individuelt arbeid. Omfang: Ca. 2000 ord
  • Ei skriftleg prøve på tre timar. Dato for prøva vert gitt i semesterplanen
  • Eitt munnleg arbeidskrav knytt til eit fagleg tema

Det vert gitt nærare informasjon om arbeidskrava i semesterplanen.

Frammøte: 

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697 

Evaluation system

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Sofie Emilie Holmen
Used in other programs
  • Teacher Qualification 5.-10. grade
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Målform: Bokmål
Læreplanverk og ordliste