Semesters
GL5-10PRO Profesjonsskriving på bokmål og nynorsk
Ingen
I profesjonsskriving på bokmål og nynorsk skal studentane utvikle skriftlege ferdigheiter i sentrale sjangrar frå lærarkvardagen. Dei skal kunne bruke både nynorsk og bokmål som skriftleg undervisingsspråk (t.d. tavlespråk, tilbakemeldingar til elevane osb.) og i andre profesjonssamanhengar (t.d. årsplanar, møtereferat, informasjonsskriv til foreldra).
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Studenten har kunnskap om forholdet mellom bokmål og nynorsk i opplæringa slik det står i opplæringslova og forskrift til opplæringslova.
- Studenten har kunnskap om ulike skriftlege sjangrar i skulekvardagen.
- Studenten meistrar norsk skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng.
- Studenten kan gjere nytte av hjelpemiddel i eiga skriving.
- Studenten har god kompetanse i norsk skriftleg og kan vere ein god modell for elevane og stimulere til skriving på begge målformer.
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing og seminar med studentaktivitet der studentane sjølve skal vere aktive skrivarar. Det vert lagt opp til at studentane skal samarbeide.
Arbeidskrav: Fire skriftlege arbeidskrav skrivne i seminar, kvart på om lag 400 ord.
Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til alle undervisningsaktivitetar, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 3 Hours | Pass / fail | Ordliste Nynorsknøkkel Bokmålsnøkkel |