Semesters

GL5-10SAM2A Samfunnsfag 2A

Course code: 
GL5-10SAM2A
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Samfunnsfag 2A
Teaching semester: 
2017 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Samfunnsfag 2A
Assessment semester: 
2017 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
GL5-10SAM1A2 Social studies 1A
GL5-10SAM1B Samfunnsfag 1B 5-10
Required prerequisite knowledge

GL5-10SAM1A og GL5-10SAM1B eller tilsvarande.

Course content

Samfunnsfag 2A omfattar om lag like deler geografi, historie og samfunnskunnskap. Dette emnet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn. Studiet tek opp tema som kartlære, lokalisering av næringsverksemd, demokrati, politisk makt og politiske prosessar, oppvekst, skule og media, norsk etterkrigstid. Emnet er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle seg til ein dyktig lærar som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  •  har kunnskap om hendingar og forhold i samtida i lys av maktforhold og menneskelege handlingar og val i fjern og nær fortid
  •  har kunnskap om kart og kartbruk i skulen næringsliv og lokalisering næringsverksemd
  •  har kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den andre verdskrigen til i dag
  •  har kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk
  •  kan leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på menneskerettar og demokratiske prinsipp
  •  har kunnskap om pedagogisk entreprenørskap
  •  har kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
  •  har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i faget
  •  har kunnskap om sentrale fagdidaktiske metodar og teoriar
Learning outcome skills

Studenten

  •  kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap ut frå resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
  •  kan arbeide sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske spørsmål og analysere faglege og fagdidaktiske problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
  •  kan planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
  •  kan kritisk analysere samfunnsfaglege problemstillingar og stimulere til dette i opplæringa
  •  kan reflektere over og vise innsikt i historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege prosessar
  •  kan bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
  •  kan bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa og bidra til at elevane kan vere kritiske brukarar av digitale verktøy
  •  kan gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar
  •  kan ta i bruk og rettleie elevar i sentrale samfunnsfaglege metodar
  • kan meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte.
Learning outcome qualification

Studenten

  •  kan oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
  •  kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget
  •  kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
  •  kan forstå aktuelle samfunnsforhold i geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
  •  kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
Working and learning activities

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis og skriftleg arbeid. IKT inngår som ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. 

Assessment requirements

Studenten skal levere og få godkjent eit fagleg arbeid som vert fastsett av lærarane. Arbeidskravet skal gjennomførast i gruppe med presentasjon og respons til medstudentar. Det skriftlege materialet frå gruppa skal leverast for godkjenning. Einskildstudentar i gruppene kan underkjennast.  

Det er obligatorisk frammøte til undervisinga (sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6).

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Nils Magne Magerøy
Used in other programs
  • Teacher Qualification 5.-10. grade
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Digital eksamen.
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 01.03.17