Semesters

HI113N-AVG Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000

Course code: 
HI113N-AVG
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2015 Autumn
2016 Spring
Assessment semester: 
2015 Autumn
2016 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Formålet med dette emnet er å gje studentane eit samanhengande oversyn i norsk og internasjonal historie frå ca 1870 til ca 2000. Vi legg vekt på å framstille og forklare korleis Noreg vart eit industrisamfunn, eit moderne klassesamfunn, eit velstandssamfunn og eit samfunn der nyliberalismen slår igjennom. Det same perspektivet blir lagt på dei andre vestlege samfunna i verda. Brei vekt legg vi òg på dei store revolusjonane i hundreåret, konflikten mellom -ismane, kald-krig problematikken og forholda mellom industrialiserte land og land i den såkalla tredje verda.

Learning outcome

Kjem.

Learning outcome knowledge

Det er eit mål at studenten- har grunnleggjande oversyn over norsk og internasjonal historie frå ca 1870 til i dag og kan sjå samanhengar og samanlikne tilhøve i tid og rom innanfor desse rammene- har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori- har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet.

Learning outcome skills

Det er eit mål at studenten- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.

Learning outcome qualification

Ingen.

Working and learning activities

All innlevering av oppgåveutkast m.m. (sjå Arbeidskrav nedunder) skjer i Fronter. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda at studenten er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, t.d. Microsoft Explorer, bruk av diskusjonsforum, opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.

Assessment requirements

Studentane sitt sjølvstendige og individuelle arbeid gjennom heile semesteret blir lagt til grunn for vurderinga i fagemnet. Følgjande fire arbeidskrav skal kvar student gjennomføre:

  • Levere ein tilnærma ferdig versjon av ei Individuell prosessoppgåve over oppgjeve tema i samsvar med semesterplanen. Den ferdige oppgåva skal ha eit omfang av 3000 - 3500 ord i tekstbehandling. Den tilnærma ferdige versjonen blir gjennomgått av ein faglærar som vurderer om den kan godkjennast. Slik godkjenning er nødvendig for at studenten skal kunne gå vidare på emnet. I tilfelle det første framlegget blir underkjent, får studenten høve til å levere ein ny versjon.
  • Gjennomføre to fleirvalsprøver (multiple-choice) til godkjent nivå. Desse prøvene tek utgangspunkt i heile pensum i emnet. Ein student som får «ikkje godkjent» på ei prøve, får ein ny sjanse.
  • Skrive eit refleksjonsnotat, som skal innehalda korte evalueringar av undervisning, pensum, oppgåve- og kommentarskriving, heimeeksamen, administrative tenester og generelle kommentarar til opplegget på fagemnet. Eit refleksjonsnotat skal ha eit omfang av 200–500 ord i tekstbehandling.

Detaljane i arbeidskrava – nærare formkrav og framdriftsplan, forklaring og døme på dei ulike prøvetypane – blir presiserte i eigne skriv og lagt ut i det aktuelle emneromet i Fronter. Som det går fram ovafor, får kvar student som ikkje har fått godkjent eit arbeidskrav, ein ny sjanse innan ein kort frist. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava og eksamensel 1 må gjennomførast i same semester.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
8
Maximum number of students: 
100
Costs

Kr 4000.

Used in other programs
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Endeleg versjon av prosessoppgåva studenten har skrive, jf. første punkt under arbeidskrav.

Begge eksamensdelane skal leverast elektronisk i Fronter.
3000 - 3500 ord
Home exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40