Semesters
IDK141N Kunstig intelligens og vurderingsprosessar
Ingen.
Dette emnet gir ei innføring i korleis kunstig intelligens (KI) kan brukast i formative vurderingsprosessar. Emnet vil gi deg innsikt i utfordringar, men også korleis KI kan støtte og påverke ulike vurderingsformer, inkludert skriftlege oppgåver, munnlege presentasjonar, praktiske oppgåver og gruppeprosjekt. Målsettinga er å gjennom utviklingsarbeid sette læraren i stand til å vurdere om, når og korleis KI kan takast i bruk i formative vurderingsprosessar, for å støtte opp under elevane si læring. Ved slutten av emnet skal studenten vere i stand til å vurdere relevansen av å ta i bruk KIverktøy i formativ vurdering, og integrere læringsfremjande bruk av KI i eigen undervisning. I det praktiske arbeidet vert det gitt høve til å fokusere på ønska aldersgruppe og fagområde. Målgruppa for emnet er lærarar i grunn- og vidaregåande skule. Studiet har tett fagleg oppfølging, framovermeldingar og gir høve til samarbeid eller individuelt læringsarbeid. Til eksamen leverer kvar student ei eksamensmappe, basert på arbeidskrav ein jobbar med undervegs.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har innsikt i moglegheiter, utfordringar og konsekvensar av å nytte KI i vurderingsprosessar.
- kjenner til verktøy og ressursar for å integrere KI i vurderingsprosessar.
Kandidaten
- kan utvikle ledetekstar (prompts) til ulike KI-modellar, for bruk i formativ vurdering
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere utviklingsarbeid som koplar KI og eigen vurderingspraksis
- kan utvikle undervisningsopplegg som inkluderer bruk av KI i vurderingsaktivitetar.
Kandidaten
- kjenner ein del moglegheiter, utfordringar og konsekvensar av KI knytt til utdanning
Emnet er eit nettstudium, vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.
Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og knytt til læring og undervisning. Emnet er asynkront organisert i nettleksjonar, øvingar og mappeoppgåver. Øvingar og mappeoppgåver vil dekkje både praktisk arbeid med ulike KI-verktøy og didaktisk refleksjon.
Frammøtekrav: Ingen.
Arbeidskrav:
I dette emnet jobbar vi prosessorientert, med obligatoriske arbeidsoppgåver som vert spesifisert i semesterplanen. Arbeidsoppgåvene kan utarbeidast og innleverast individuelt eller i grupper, etter avtale med emneansvarleg, og vert sluttvurdert samla som eitt (1) arbeidskrav. Omfanget på arbeidskravet vil svare til 1500 ord (+/- 10%) som skrift, eller 7 min (+/-10%) som film/samansett tekst. Ved gruppeinnlevering aukar omfanget med 750 ord eller 3,5 minutt, per student frå og med student nr.2. Arbeidsoppgåvene utgjer grunnlaget for eksamensmappa.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual or Group exam | 1 Semester | Pass / fail | Studenten skal levere ei digital vurderingsmappe som inneheld utdrag frå arbeidskrava i emnet, med refleksjon knytt til utval og korleis arbeidskrava er vidareutvikla til eksamensprodukt. Levering av eksamen som gruppe skal avtalast med emneansvarleg i samband med innlevering av arbeidskrav. |