Semesters
IFL112 Naturguiding i kyst- og fjordlandskap
Ingen
Studentane skal få innsikt i kva praktisk guidearbeid inneber, og med det leggje grunnlag for studium, refleksjonar og diskusjonar rundt guiderolla, guideverksemd som reiselivsprodukt, formidling av informasjon og opplevingar, og trygg guiding. Guideverksemda vil bli eksemplifisert og tematisert gjennom guida turar i fjordområde og ved kysten.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha grunnleggjande kunnskapar om natur, kultur og tradisjonell naturbruk i dei kyst- og fjordlandskapa som emnet fokuserer på.
- kjennskap til ansvarsforhold og regelverk knytt til rolla som naturguoide, der ein har ansvar for tryggleiken til personar og grupper.
Studenten skal
- ha innsikt og trening i risikovurderingar og trygg ferdsel.
- ha innsikt i og trening i formidling av opplevingar og informasjon i guidesituasjonar.
- ha trening i organisering og leiing av guida turar.
- kunne tilretteleggje for og servere tradisjonell kost for gjestar og turistgrupper på tur.
- ha utvikla evna til skjønn og kunne gjennomføre "god praksis".
Studenten skal
- ha innsikt i kva guidearbeid inneber i samband med reiseliv, og sjå grenseoppgangar mellom guiding og pedagogisk verksemd i natur.
Studiearbeidet vil veksle mellom undervisning med forelesingar, drøftingar i plenum og under seminar, gruppearbeid og opphald ute. Studenten sine opplevingar, observasjonar og erfaringar frå aktivitetane ute skal også gje grunnlag for drøftingar og refleksjon. Studiet baserer seg på eigenstudier, og aktiv deltaking og medansvar, der studentane også får praktisk ansvar for organisering og guideoppgåver under studiesamlingane.
Det er krav om obligatorisk deltaking på kvar praktisk studiesamling ute. Semesterplan gjev informasjon om dei obligatoriske delane i studiet.
Arbeidskrav som skal vere godkjende for å gå opp til eksamen:
- Frammøte og aktiv deltaking i obligatorisk undervisning, inklusivt på førebuingar til, under gjennomføring av og etterarbeid etter alle studiesamlingane ute.
- Gjennomført og og godkjend praktisk gruppeoppgåve om matlaging og servering for resten av studentgruppa.
- Rapport frå eksempel- og praksisturane, omlag 2500 ord.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studentane betaler ei materialavgift på kr 400,-.
Studentane må dekkje utgifter til reiser og oppgåvene med matlaging og servering.
Studentar som ikke har høve til å delta på turane må søke om et alternativt opplegg.
Som alternativ til å reise på samling må studentane framvise dokumentasjon på at læringsmåla knytt til den einskilde samlinga blir oppfylt. Ein plan for alternativt opplegg må godkjennast av emneansvarlig og dekan i god tid på førehand. Det vert stilt høge dokumentasjonskrav.
- Nature Guide
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 20 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |