Semesters

IFL206 Bacheloroppgåve

Course code: 
IFL206
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Bacheloroppgåve
Teaching semester: 
2019 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Bacheloroppgåve
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Bachelorstudentar i idrett må ha: 90 studiepoeng i idrett, der 30 studiepoeng er på fordjupingsnivå:  IFL 101 Motorisk læring 15 stp, IFL 116 Idretts- og kroppsøvingsdidaktikk 15st, IFL 117 Pedagogikk, Idrett og Samfunn 15 stp, IFL 104 Treningslære 15 stp.  IFL 201 Prestasjonsutvikling 15 stp og IFL 205 Helse 15 stp. Eller tilsvarande. 

Bachelorstudentar i friluftsliv må ha : 90 studiepoeng i friluftsliv, der 30 studiepoeng er på fordjupingsnivå: IFL 105 Frå fjøre til fjell 30 stp, IFL 106 Snø, ski og bre 30 stp, IFL 203 Friluftsliv I 15 stp og IFL 205 Helse 15 stp. Eller tilsvarande.

Course content

Formålet med dette emnet er å gje studentane trening i korleis dei skal fordjupe seg i eit tema, velje ut og bearbeide ei problemstilling, samle inn og vurdere kjelder og litteratur, og skrive ei oppgåve innafor eit tema med fokus på idrett eller friluftsliv. I Emnet arbeider vi med ulike vitskapsteoretiske retningar. Kort innføring i vitskapleg metode, statistikk, vitskapsteori og filosofi. Skriving av oppgåve. Tema for oppgåva skal ha relevans ut i frå valt fagkombinasjon i bachelorløpet, dvs. innan idrett, friluftsliv eller helse. Oppgåva vil bli vurdert både ut frå form og innhald.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har:

  • Djupare kunnskap  i eit tema innan kunnskapsområdet idrett og friluftsliv eller helse
  • Kunnskap innan ulike forskingsmetodiske tilnærmingar
  • Evne til å fordjupe seg i eit fagleg emne
Learning outcome skills

 

Studenten kan:

  • Gjennomføre eit forskingsprosjekt/litteraturstudium/utviklingsarbeid basert på kunnskap innan valt tema og forskingsmetodiske tilnærmingar
  • Planleggje og gjennomføre eit arbeid

  • Avgrense problemfeltet og utforme problemstillingar

  • Bruke kjeldemateriale

  • Presentere og vurdere resultat

 

 

Learning outcome qualification

Studenten kan:

  • Analysere og kritisk reflektere over forsking i kunnskapsområdet/fagfeltet og er medviten om nødvendigheita av å kjenne til ny forsking og vere oppdatert

  • Vise eit fagleg engasjement i viktige spørsmål, og kan på eit forskingsbasert grunnlag analysere og formidle eit samansett fagstoff

  • Handtere forskingsetiske problemstillingar

 

Working and learning activities

Bacheloroppgåva er basert på sjølvstendig arbeid under rettleiing av faglærar. I innføringskurset vil ein variere mellom plenum, gruppearbeid og sjølvstudium.

Assessment requirements

Godkjent obligatorisk frammøte/deltaking i tråd med forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. Semesterplan gjev nærare informasjon om obligatoriske delar i studiet.

Problemstilling og oversikt over kjelder og litteratur oppgåva skal byggje på, skal framsendast rettleiar innan fastsett tid i semesterplanen.

Framlegging av problemstilling/tema i mindre grupper.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
40
Person in charge: 
Kjetil Laurits Høydal
Used in other programs
  • Bachelor in friluftsliv/outdoor life education
  • Bachelor in Sports Education
  • Sports, intermediate course
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bachelor's thesis
Group
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Oppgåva skal normalt skrivast i grupper på 2-3 studentar.
som alternativ til skriftleg oppgåve kan studentane velje munnleg presentasjon.
1. Skriftleg oppgåve. Omfang på 8 000 - 12 000 ord. Linjeavstand 1,5 i Times New Roman, 12 pkt font. Evt tabellar, figurar og vedlegg kjem i tillegg.
2. Fagleg presentasjon på 30 minutt av ei problemstilling (valfrie hjelpemiddel) + 15 minutt til å svare på spørsmål.
Approval signature: 
Aud Folkestad