Semesters
IKF202 Ski
Emnet omhandlar alpint som idretts- og kroppsøvingsaktivitet. Viktige delar av emnet er leik på alpine ski/begynnaropplæring, grunnleggande skiteknikk i alpint, konkurransemessig teknikk i alpint, skihistorie, skiutstyr, trenings- og bevegelseslære, fagdidaktikk og tilpassa opplæring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om skihistorie
- har kunnskap om barn sine føresetnader for læring av skiteknikk
- har kunnskap om leikprega opplæring på alpine ski
- har kunnskap om grunnleggande og konkurransemessig teknikk i alpint
- har kunnskap om skiutstyr i alpint
- har kunnskap om vedlikehald av alpint skiutstyr
- har kunnskap om fagdidaktikk
- har kunnskap om tilpassa opplæring
- har kunnskap om trenings- og bevegelseslære knytt til alpint
- har kunnskap om kva som ligg til grunn for, og kunne analysere bevegelsar med tanke på funksjonell skiteknikk i alpint
Studenten
- har tilstrekkelige ferdigheiter til å demonstrere funksjonell skiteknikk i alpint, med tanke på opplæring av born og ungdom
- kan planlegge og gjennomføre leikprega begynnaropplæring og grunnleggande teknikkopplæring på alpine ski
- kan planlegge og gjennomføre trening i konkurransemessig teknikk i alpint
Studenten
- kan sjå opplæring i alpint i ein større samanheng, og greie å drage paralellar frå kunnskap han har tileigna seg tidlegare i bachelorstudiet i Idrett og kroppsøving.
Som innleiing og introduksjon til emnet vert det campusbasert teoriundervisning. Ved behov kan denne verte lagt om til å gå digitalt. Studentane må også rekne med teoriundervisning mellom dei to skisamlings-vekene i emnet. Likevel må studentane i stor grad arbeide med det teoretiske lærestoffet sjølve, gjennom eigenstudie og arbeid i kollokviegrupper. Kollokvieoppgåver vert utlevert og gjort greie for ved studiestart. Teoriundervisninga er obligatorisk då dette er førebuing til dei to skisamlingan (80% frammøte).
Samlingsveke 1: Leik, tekniske element og tekniske grunnprinsipp i alpint: Samlinga vert gjennomført i januar/februar i skianlegg med gode tilhøve for alpint.
Innhald: Leik på alpine ski, grunnleggande teknikk i alpint, og konkurransemessig teknikk i storslalåm (SSL). Samlinga har fokus på opplæringsmetodikk og ferdigheitsutvikling, gjennom leik-, frikøyring- og løypemodellar på alpine ski, samt komkurransemessig teknikk i SSL.
Samlingsveke 2: Kunnskap og ferdigheit i svingteknikk alpint: Samlinga vert gjennomført i februar/mars i skianlegg med gode tilhøve for alpint.
Innhald: Utvikle/vidareutvikle konkurransemessig teknikk i slalåm (SL), storslalåm (SSL) og super-G (SG), gjennom frikøyring, løypemodellar og løyper.
Undervisninga på samlingane vil i all hovudsak vere praktisk retta, men med noko teoriundervisning. Arbeidsmåtane vil variere mellom lærarstyrte- og studentaktive arbeidsmåtar. Ein forventar aktiv deltaking på dei to skisamlingane.
Studentane skal i grupper planlegge og gjennomføre praktisk metodiske oppgåver knytt til samlingane. Det vert også stilt krav om at studentane gjennomfører 15 timar skiundervisning i skule, idrettslag eller annan organisasjon. Krav til førebuing, gjennomføring og dokumentasjon vert gjort greie for ved studiestart
- Deltaking på Samlingsveke 1 og Samlingsveke 2, samt godkjent frammøte (80%) til all teoriundervisning.
- Gjennomført praktisk metodiske oppgåver.
- Gjennomført 15 timar skiundervisning i skule, idrettslag eller annan organisasjon.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4
Det vert gjort krav om ei materialavgift på 200 kr i tilknyting til gjennomføringa av emnet.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual | 2 Week | Pass / fail | Ferdigheit i svingteknikk i alpint vurdert gjennom dei to kursvekene. | |||
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |