Semesters
INF131 PR og kommunikasjon 1: Innføring med praktiske øvingar
Ingen.
Innføringsemnet PR og kommunikasjon 1 er sett saman av ein teoridel med praktiske øvingar gjennom heile semesteret, samt ein praksisdel. Teoridelen gir ei innføring i grunnleggande kommunikasjonsteori og ein introduksjon til PR og strategisk kommunikasjon. Målet er å vise korleis dei ulike teoretiske perspektiva aukar vår forståing av kommunikasjonsflyten både innanfor den profesjonelle organisasjonen og mellom organisasjonen og samfunnet elles.
I dei praktiske øvingane får studentane arbeide med verkty frå t.d. Adobe.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Kandidaten skal etter fullført emne ha grunnleggande kunnskap om dei teoretiske perspektiva som ligg til grunn for vår forståing av omgrepa PR og kommunikasjon
- Kandidaten skal vidare ha kunnskap om korleis profesjonelle organisasjonar kommuniserer både internt og eksternt
- Kandidaten skal kunne reflektere kritisk rundt dei ulike teoretiske perspektiva
- Kandidaten skal ha oversikt over dei vanlegaste verktya i Adobe
- Kandidaten skal ha grunnleggande skriveferdigheiter knytt til aktuelle tekstsjangrar det er gjeve undervising i
Oversikt i grunnleggande kommunikasjonsteori, PR, strategisk kommunikasjon, samt kunne nytte desse i praktiske kommunikasjonstiltak
Førelesingar, gruppearbeid og praktisk prosjektarbeid. Det er obligatorisk deltaking i alle prosjektøvingar og gjesteførelesingar. Deltaking på førelesingar er i tråd med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 Arbeidsplanen gir ein samla oversikt over undervisninga og blir publisert ved studiestart.
Det er to arbeidskrav:
Godkjent deltaking og gjennomføring av dei praktiske delane av emnet. Praktiske oppgåver skal vere dokumenterte i mappe i form av produkt, ev. sluttrapport og ev. logg. Nærare omtale av dette (fristar, form, omfang) vert gjevne i arbeidsplanen.
- Studentane skal levere evaluering av emnet
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- PR, Communication and Media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 4 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Digital eksamen. Med utlegg av oppgåve kl. 10:00 og innlevering kl. 10:00. | Omfang av innlevert hjemmeeksamen er ca 3000 ord (eksl. tittelblad, innholdsfortegnelse, litteraturliste og eventuelle vedlegg). | |
Portfolio | Individual | 1 Semesters | Pass / fail | 50 | Studenten leverer eit utval av arbeidskrav frå praksisperioden | Studenten leverer arbeidskrav frå prosjekt- og praksisperiode i eiga vurderingsmappe |