Semesters
IPA106N-AVG Forvaltningsarbeid (nettstudium)
Ingen.
Emnet gir ei kort innføring i :
- Offentleg forvaltning - prosessar og strukturar.
- Styring, kontroll, omstilling.
- Brukarorientering.
- Styringsmåtar i offentleg forvaltning.
- Økonomistyring og personaladministrasjon.
- Offentlegrettslege emne (juridisk metode, forvaltningsrett og arbeidsrett)
Emnet eignar seg for personar som arbeider i, eller tek sikte på å arbeide i, offentleg forvaltning. Emnet eignar seg også for personar i privat sektor som har behov for kunnskapar om rettsreglar som styrer offentleg myndeutøving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten·skal ha kunnskap om
- viktige funksjonar i offentleg forvaltning· og om korleis forvaltninga er organisert
- viktige forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar
- viktige trekk ved samfunnsvitskapleg og juridisk tenkemåte
Studenten skal kunne
- gjere greie for sentrale element ved norsk forvaltning og vere i stand til å nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar i forvaltninga·
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege og juridiske omgrep og bruke desse på ein kritisk måte
Studenten skal kunne
- vise evne til refleksjon og kritisk tenking rundt sentrale problemstillingar i forvaltninga
- Skriftlege nettleksjonar
- Opptak av enkelte førelesingar
- Tilbod om rettleiing på arbeidskrav
- Diskusjonsforum på nettet
Det elektroniske klasserommet Canvas vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon.
Studenten skal ha gjort ei heimeoppgåve (inntil 3000 ord) med tema og problemstilling gjeve av faglærar. Utkastet skal leverast til rettleiing hos faglærar, som kommenterer, og studenten bearbeidar vidare før endeleg innlevering. Dette arbeidskravet må vere godkjent for å kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
4. 000,-
- Governance
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 10 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Digital eksamen. Oppgåveteksten blir gitt mot slutten av semesteret og med frist på 10 dagar for levering. Denne skal skrivast utan rettleiing og skal synleggjere at kandidatane kan bruke pensum eller tilsvarande litteratur på ein fagleg god måte. Oppgåveteksten kan vere knytt til eitt eller fleire tema innanfor studieemnet. | Avsluttande vurdering i emnet skjer på grunnlag av ei oppgåve, på maksimum 5000 ord. |