Semesters
IPA171KURS Grunnleggande innføring i leiing
Lukka for deltakarar på leiarkurs i samarbeid med eksterne partnarar.
Emnet er todelt. Første del gir ei grunnleggande innføring i sentrale spørsmål knytt til leiing av medarbeidarar med fokus på kommunikasjon, motivering, samhandling, leiarroller og konflikthandtering. I andre del er søkelyset retta mot medarbeidarskap, sjølvleiing, førebygging av konfliktar og utvikling av velfungerande arbeidsgrupper.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om og forståing av grunnleggande tema og problemstillingar knytt til leiing og til leiarar sin situasjon i verksemder.
Studenten har ferdigheiter til å reflektere fagleg rundt sentrale spørsmål og problemstillingar knytt til leiing av medarbeidarar og kritisk kunne vurdere si eiga rolle som leiar.
Studenten kan vurdere praktiske problemstillingar ein møter som leiar ut frå ulike synsvinklar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike handlingsalternativ.
I samarbeid med eksterne aktørar går undervisninga i emnet over to semester, med 8 samlinga på 3 timar i kvart av semestera. I tillegg til førelesingar blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper.Deltakarane får tilgang til eit eige elektronisk klasserom (Fronter) der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar.
I samarbeid med den eksterne samarbeidspartnaren vert det for kvart kurs gjort avtale om innhald i ei mappe som studenten skal levere som arbeidskrav. Relevante element i mappa kan vere korte innleveringsoppgåver, gruppeoppgåver, refleksjonsnotat, prosjektskisser m.m. Det vert gitt tilbod om rettleiing til dei ulike elementa. Innhaldet i mappa må vere godkjent før framstilling til eksamen.
Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Introduction to Leadership
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 2 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Etter nærmare avtale med ekstern samarbeidspartnar vil eit eller fleire av elementa i arbeidskravet inngå i eksamensmappa. | ||
Written Exam | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 |