Semesters
IPA312 Helsefremjande samfunnsutvikling - med vekt på samarbeid og medverknad
Ingen.
Emnet skal gi inngåande kunnskap om ulike perspektiv på helsefremjande arbeid, medverknad, livsløpsperspektiv og ulike former for samarbeid. Emnet skal gjere studenten i stand til å identifisere - med eit kritisk blikk - korleis desse overordna perspektiva i praksis kan bidra til helsefremjande samfunnsutvikling. Kritisk refleksjon som tilnærming til læring, der eigne (praksis)erfaringar vert brukte i individuelle og gruppebaserte refleksjonar, er også viktige tilnærmingar i dette emnet. Emnet er relevant for arbeid med samfunnsutvikling generelt, men vil ha særleg søkelys på lokalsamfunnsutvikling.
Emnet er valemne i masterprogramma i samfunnsplanlegging og leiing eller helse- og sosialfag. Emnet kan også takast som vidareutdanningsemne.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har inngåande kunnskap om ulike perspektiv på helsefremjande arbeid
- har inngåande kunnskap om samfunnsutvikling i livsløpsperspektiv
- har inngåande kunnskap om samarbeid - tverrfagleg og tverrsektorielt - og medverknad
Kandidaten
- kan innhente og kritisk vurdere ulike kunnskapsgrunnlag som kan vere aktuelle i utgreiingsarbeid og planar for helsefremjande samfunnsutvikling
- kan bruke livsløpsperspektiv og teoriar om ulike former for samarbeid og medverknad til å analysere praksis i arbeid for helsefremjande samfunnsutvikling
- kan gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid med relevans for helsefremjande samfunnsutvikling
- kan reflektere rundt og identifisere etiske utfordringar i arbeidet for helsefremjande samfunnsutvikling
Kandidaten
- kan kommunisere og samarbeide med ulike aktørar om problemstillingar og analysar som gjeld helsefremjande samfunnsutvikling
- kan bidra til nytenking og utviklingsprosessar (innovasjon) for helsefremjande samfunnsutvikling
Emnet består av to fysiske samlingar, og det er forventa studentaktivitet mellom samlingane.
Det vert lagt vekt på studentaktive læringsformer med veksling mellom førelesing og arbeid i grupper.
Meir informasjon om tidspunkt for oppmøte og samlingar vert publisert i Canvas.
Arbeidskrav:
Tre arbeidskrav, som kan vere skriftlege eller munnlege arbeid. Meir informasjon om arbeidskrava, m.a. om type arbeidskrav og omfang, vert gitt ved semesterstart.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Child welfare work - master (part time)
- Health and Social Sciences - master
- Planning and Leadership - master (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 % | 4000 ord +/- 10 %. |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
POL301 Politikk, folkehelse og livsløp - Overordna perspektiv | 100% | 15 stp. |
POL302 Helsefremjande lokalsamfunn - Samhandling | 100% | 15 stp. |
oppgåva vert gitt ved semesterstart.