Semesters
JOA205 Journalistikk 5 for avis
Dette emnet skal gi studentane praktisk røynsle frå medieredaksjonar og omfattar praksisførebuande seminar, ekstern praksis og eksamensproduksjon. Studentane skal gjennom praksisperioden nytte dei kunnskapane dei har tileigna seg gjennom studiet. Etter å ha gjennomført emnet skal studentane vere i stand til å arbeide sjølvstendig som journalist.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- ha kunnskap om redakjsonelt arbeid i nyheitsredaksjon
Studenten skal
- kunne fylle reporterrollen i ein etablert redaksjon
- kunne bruke journalistisk teori og metode til å lage ein journalistisk produksjon og til å reflektere rundt eige arbeid
- kunne utvikle, planlegge og gjennomføre journalistiske prosjekt
- kunne produsere sjølvstendige journalistiske arbeid
Studenten skal
- kunne arbeide sjølvstendig
- kunne samarbeide med andre i ein redaksjon
- kunne reflektere kritisk rundt eige arbeid
Emnet strekkjer seg over eitt (1) semester og består av førelesingar, seminar og ti vekers ekstern redaksjonell praksis.
- For å kunne gå opp til avsluttande eksamen må studenten ha gjennomført ekstern praksis og fått godkjent praksisrapporten. Praksisrapporten skal vere på om lag 1500 ord og leverast saman med logg til emneansvarleg innan gitt frist.
I praksisrapporten skal studenten dokumentere arbeidet ho eller han har utført i den eksterne praksisperioden, og presentere kvalifiserte refleksjonar i høve til praksis og rutinar på praksisstaden. Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Metoderapport på om lag 3000-5000 ord. | ||||
Adjusting oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Munnleg justerande eksamen er drøfting av eksamensproduksjon, metoderapport og pensum. |
Pensum er spesialiseringspensum og elles pensum frå kursa i journalistikk. Det vert gitt ein førebels karakter. Mappa skal leverast innan gitt frist. Fristen går fram av eksamensplanen.