Semesters
JOU214 Journalistikk 4 - Innovasjon og utvikling
Digitaliseringa har gitt nye medievanar, ny teknologi og nye distiribusjonsplattformer for journalistikk. Dette gir nye muligheiter innan journalistikken og bidreg til å endre journalistisk yrkesutøving. Hensikta med emnet er å gjere seg kjent med profesjonsendringar, innovasjon og utvikling innan journalistikken. Dette gjer studentane i stand til å identifisere sentrale problemstillingar knyta til utviklinga innan journalistikk og førebur studentane på det medielandskapet dei møter etter endt utdanning. Sentrale delar av emnet fokuserer på:
- Nye digitale sjangrar, distribusjonsformar og plattformar
- Forsking, innovasjon og utvikling relatert til journalistisk yrkesutvikling
Emnet er forankra i aktuelle og samtidige journalistiske tematikkar, utviklingstrendar og potensialar innan digital journalistikk. Eksempel på dette kan vere kva som skjer med journalistikken når den blir formidla gjennom ulike sosiale media, endringar i relasjonen mellom journalisten og publikum (brukarar) eller problemstillingar og muligheiter knyta til ny teknologi. Dette er pågåande prosessar som påverkar den journalistiske yrkesutøvinga. Studentane vil dermed arbeide med utfordringar knyta til nyare former for journalistiske arbeidsmetodar, distribusjon og brukermønster.
Dette utgjer nødvendig kompetanse innan journalistikkfaget som er sentralt for å kunne forstå, nå, utfordre og engasjere mediebrukarar i eit medielandskap i kontinuerleg endring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har innsikt i innovasjon og utvikling innan feltet digital journalistikk
- har sjølvstendig og kritisk innsikt i etiske problemstillingar innan digital journalistikk
- har kunnskap om digital medie- og plattformbruk
- har god kunnskap om mediebruk og teknologi
Studenten:
- kan analysere og reflektere over journalistrolla i eit skiftande medielandskap
- kan identifisere særegenheiter ved nyare journalistiske former og sjangrar
- kan gjere sjølvstendig etiske vurderingar rundt nye journalistiske metodar, former og uttrykk
Studenten:
- kan sjå eiga yrkesutøving i eit framtidig medielandskap
- kan vurdere potensiale for framtidig journalistisk yrkesutøving
- kan forstå godt yrkesetikk og framtidige etiske utfordringar
Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes seminar og verkstadar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- Studentane skal gjennomføre ein større gruppebasert presentasjon ved slutten av undervisingsperioden.
Dei som ikkje kan delta, leverer ein individuell presentasjon. - Evaluering av emnet
Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:
- innhald, form og omfang på presentasjonen
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Journalism - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Rapport | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 % | Studenten leverer ein skriftleg refleksjonsrapport. Rapporten skal reflektere over eige arbeid, læringsprosessen i undervisinga og pensum som er gjennomgått i emnet. Refleksjonen skal inkludere døme på konkrete utfordringar, samarbeidserfaringar og teoretiske perspektiv. | 2000 - 3000 ord |