Semesters

KKK-KFB Tverrfagleg praksis med dei estetiske faga i barnehagen

Course code: 
KKK-KFB
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

I dette emnet skal studenten arbeide med grunnleggande ferdigheiter og opparbeide seg eit breitt repertoar av didaktiske metodar for arbeid med dei estetiske faga, både i sin eigenart og i eit tverrfagleg perspektiv. Studenten skal vidareutvikle kunnskapar og ferdigheiter innan fagområdet Kunst, kultur og kreativitet gjennom ei rekke praksisnære oppgåver som også skal gjennomførast på eigen arbeidsplass, som erfaringsdeling med dei andre tilsette. Emnet har som mål å vidareutvikle barnehagelæraren sin profesjonsfaglege kompetanse, der barnehagen sitt føremål om å ivareta barn sitt behov for omsorg, leik, danning og læring vil vera ein raud tråd.

Innhaldet i undervisninga vil tilby ei fordjuping innan dei estetiske faga med vekt på korleis ein kan arbeide med desse i eit tverrfagleg perspektiv i barnehagen, og gi kunnskap om korleis ein støtter barn sin progresjon i møte med estetiske uttrykk.  I første semester vil hovudvekta av undervisninga fokusere på praktiske og fagspesifikke ferdigheiter innan fagområda forming, drama og musikk, og tilrettelegging av praktisk arbeid med estetiske prosesser i barnehagen. Studenten skal ta i bruk ulike faglege tilnærmingar som skal gi barn i barnehagen estetiske erfaringar med kunst og kultur i ulike former, og reflektere over måtar ein kan vera skapande og utforskande saman med barn.  I andre semester går ein vidare til det tverrfaglege perspektivet og potensialet dei estetiske faga har i arbeid med andre fagområde i rammeplanen, og i arbeid med rammeplanen sitt formål, innhald og verdigrunnlag. Dei estetiske faga sine potensiale i det daglege arbeidet i barnehagen når det gjeld språkstimulering, fellesskap og livsmeistring vil verte tematisert, i tillegg til praktiske arbeidsmåtar knytt til høgtidsmarkeringar i ulike kulturar. Estetiske fag i samband med måltid og overgangar i barnehagen, omgrepslæring, forståing av mengde, rom og form vil også vera ein integrert del av undervisninga.

Eit tverrfagleg prosjektarbeid i eigen barnehage er grunnlaget for sluttvurderinga i emnet, der studenten reflekterer over barnehagelæraren si rolle som tilretteleggjar, leiar og pedagog.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten: 

  • har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor fagområdet Kunst, kultur og kreativitet
  • kan oppdatere sin kunnskap og bidra til utvikling av god praksis i arbeid med dei estetiske faga
  • har kunnskap om dei estetiske faga sin historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
Learning outcome skills

Kandidaten: 

  • kan beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer innan dei estetiske faga
  • kan reflektere over faglege tilnærmingar som legg til rette for at barn i barnehagen får estetiske erfaringar med kunst og kultur i ulike former som kan gi barna rom for fordjuping og progresjon
  • kan reflektere over måtar ein kan vera skapande og utforskande saman med barn
  • kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing
Learning outcome qualification

Kandidaten: 

  • kan bruke kunnskap og ferdigheiter innan dei estetiske faga på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
  • reflektere over dei estetiske faga sin eigenart og potensiale i møte med andre fagområde
  • kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekk seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • nytte kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Working and learning activities

Emnet er nett- og samlingsbasert med to samlingar pr. semester på Høgskulen i Volda. I tillegg vert det lagt opp til asynkrone nettleksjonar annakvar veke. Samlingane vil gi studentane praktisk undervisning, utprøving og rettleiing på varierte arbeidsmåtar og -prosessar i fagområdet Kunst, kultur og kreativitet.

Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytt til studenten si eiga praksiserfaring. Mellom samlingane skal studenten gjennomføre og evaluere relevante oppgåver i eigen barnehage.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen § 6-6.

Arbeidskrav:

80 % gjennomføring av alle nettleksjonar i semesteret. Arbeidet skal vere ferdig innan fastsett frist.

Nokre av arbeidskrava skal gjennomførast saman med kollegaer og barn i barnehagen. Det er difor eit vilkår at studentane har moglegheit til dette.

Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Hildegunn Hovde
Used in other programs
  • Art, culture and creativity
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Rapport
Individual
1 Semester
Pass / fail
100 %
Eit tverrfagleg prosjektarbeid i eigen barnehage er grunnlaget for sluttvurderinga i emnet, der studenten reflekterer over barnehagelæraren si rolle som prosjektleiar, pedagog og deltakar i estetiske prosessar med barn.