Semesters

MAT127-KFK Matematisk analyse og talteori

Course code: 
MAT127-KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Spring
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet inngår i vidareutdanningsstudiet Matematikk 2 (5–10).

Gjennom emnet får studentane vidareutvikle sitt faglege grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.–10. årssteg. Emnet skal gi studentane auka kompetanse til å undervise i matematikk i dagens skule, samstundes som dei vert sette i stand til å vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtidas skule.

Innhaldet er ei fordjuping i utvalde tema frå Matematikk 1. Tema i emnet er mellom anna talteori, matematisk analyse og trigonometri.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har undervisningskunnskap knytt til talteori, matematisk analyse og trigonometri.
  • kan relatere denne kunnskapen til kjerneelement og kompetansemål i trinn 5-10.
Learning outcome skills

Studenten

  • kan bruke matematikkunnskapane sine til å sjå samanhengar i den matematikken som dei skal undervise i skulen
  • kan planlegge og tilrettelegge undervisninga med varierte arbeidsformer, forankra i teori, læreplanen og eiga erfaring
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter i ulike undervisningssituasjonar, på ein bevisst og sjølvstendig måte.
  • viser evne til refleksjon og kritisk tenking over eigen læring og undervisning
Working and learning activities

Emnet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda. Nettleksjonar vert lagt ut i Canvas, og ei digital plattform vert nytta til eventuelle møte med studentane utanom samlingane. Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Arbeidsformene er prega av sjølvstendig arbeid med nettleksjonar, oppgåveløysing og drøfting av ny fagleg og fagdidaktisk kunnskap.

Dei to obligatoriske samlingane i Volda er på 2 dagar kvar. Tid for samlingane (ei i starten av semesteret og ei om lag midt i semesteret) vert gitt i semesterplanen.  

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til begge dei to samlingane i Volda.

Arbeidskrav:

Studentane skal gjennomføre og levere to innleveringsoppgåver. Arbeidskrava vert presiserte og tidfesta i semesterplanen. Pedagogisk bruk av digitale verkty og utprøving av ny fagleg og fagdidaktisk kunnskap vil inngå i ei eller fleire av oppgåvene. Studentane har to forsøk på å få godkjent kvar av dei to innleveringsoppgåvene.

Evaluation system
Minimum number of students: 
1
Maximum number of students: 
35
Person in charge: 
Antje Meier
Used in other programs
  • Mathematics 2 for Teachers Years 5-10, Competence for Quality
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Kalkulator og to handskrevne A4-sider med eigne notat.