Semesters
MEV123 Medievitskap 2 - Media, kommunikasjon og makt
Emnet gjev ulike perspektiv på media og korleis dei er blitt tolka i sentrale teoretiske tradisjonar. Studentane skal utvikle evnen til kritisk refleksjon kring medias makt og profesjonsroller. Studentane skal også vidareutvikle ferdigheiter knytt til akademisk oppgåveskriving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- grunnleggande kunnskap om sentrale teoriar om media si utvikling og rolle samfunnet
- grunnleggande kunnskap om ulike perspektiv på media og korleis dei er blitt tolka i sentrale teoretiske tradisjonar
- grunnleggande kunnskap om makt og media når det gjeld profesjonaliseringa av journalistikk og PR/informasjon
Studenten skal
- meistre akademisk oppgåveskriving
Studenten skal
- ha grunnleggande forståing av media si rolle i samfunnet og kunne reflektere rundt samfunnsansvaret ut frå profesjon og arbeidsmåtar
Førelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes seminar, sjølvstudium og øvingsoppgåver.
Frammøtekrav:
- oppgåveseminar med 100 prosent deltaking
Arbeidskrav:
Emnet har arbeidskrav som er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:
- organisering
- omfang
- frist
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Journalism - bachelor
- Media Production - bachelor
- PR, Communication and Media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |