Semesters

MGL1-7EN1B Engelsk 1B

Course code: 
MGL1-7EN1B
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
English
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Engelsk 1 for 1.-7. trinn gir ei innføring i språkopplæring, engelsk kultur og fagdidaktikk, med spesiell vekt på den tidlege opplæringa i engelsk. 1-7 ENG1B omfattar engelskundervisning for dei fyrste åra i barneskulen, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og den tidlege språkutviklinga deira i engelsk. Det gir også ei vidare innføring i fagdidaktikk, kjennskap til kulturen i engelsktalande land, og bruk av ulike kulturelle uttrykk, mellom anna barns mediekultur, i barneskulen. Vidareutvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt, med særleg fokus på å reflektere over relevant kulturkunnskap og fagdidaktiske problemstillingar. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har

  • vidare kunnskap om begynnaropplæring i engelsk, og korleis forsking på begynnaropplæring kan gjennomførast
  • innsikt i arbeidet med å vidareutvikle dei grunnleggjande ferdigheitene
  • kunnskap om sentrale dokument i engelskfaget, tverrfaglege tema, nasjonale prøver og det europeiske rammeverket for språkfaga
  • kunnskap om eit breidt utval læremiddel og ressursar i engelskfaget, inkludert graded readers og digitale ressursar 
  • kunnskap om varierte tilbakemeldings- og vurderingsformer, undervegs og sluttvurdering
  • grunnleggjande kjennskap til engelske språkstrukturar, med vekt på lydsystem og variantar av engelsk
  • kjennskap til trekk ved kulturar og samfunnsforhold i engelsktalande land
  • kjennskap til engelskspråklege kulturuttrykk som kan brukast i undervisning av barn, som til dømes songar, rim, samansette tekstar, film og dataspel
Learning outcome skills

Studenten kan

  • bruke engelsk sikkert og funksjonelt munnleg og skriftleg i ulike situasjonar tilpassa målgruppa, og vere ein god språkmodell for elevane
  • leggje til rette for eit trygt læringsmiljø med variert og differensiert læringsarbeid som fremjer vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene
  • bruke og vurdere digitale ressursar til språklæring, i eige klasserom og i samarbeid med andre skular via internett, asynkront og i sanntid
  • utøve ein læringsorientert vurderingspraksis
  • rettleie elevar i språkutviklinga deira gjennom å gjere dei medvitne om korleis lydsystemet i det engelske språket er bygt opp, og korleis det vert brukt
  • lese, forstå og drøfte (munnleg og skriftleg) eit utval av engelskspråklege kulturuttrykk for born og unge, og nytte slike kulturuttrykk i undervisning av elevar på 1.-7. steg
  • skaffe seg kunnskap om og analysere viktige kulturelle og samfunnsmessige fenomen i engelsktalande land, inkludert situasjonen til urfolk, og legge til rette for arbeid med slike tema i undervisning for målgruppa
Learning outcome qualification

Studenten kan

  • formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa elevar på 1.-7. trinn
  • reflektere over eiga læring og praksis i lys av etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
  • halde ved like og utvikle eigen språklege, kulturelle og didaktiske kompetanse
Working and learning activities

Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar. Ein studietur til Det norske studiesenteret i Storbritannia (York) inngår i emnet.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

  • obligatorisk oppmøte til alle organiserte læringsaktivitetar

Arbeidskrav:

  • deltaking i studietur til York
  • ein munnleg, 15 minutts presentasjon med IKT-støtte
  • eitt arbeidskrav i språk 
  • eitt skriftleg arbeid i didaktikk på 1200-1400 ord 
  • eitt skriftleg arbeid i kultur på 1200-1400 ord  
  • to korte arbeid tilsvarande om lag 200 ord
  • ein refleksjonstekst på om lag 600-800 ord (sjå mappeeksamen)

Minst eitt av dei korte arbeida og eitt av dei skriftlege arbeida skal vere knytt til studentens praksis og reflektere over denne. Eitt av arbeidskrava skal vere relatert til ein digital ressurs (eit program for nettbrett eller datamaskin, eller liknande). Oppgåvene skal leverast til oppsett tidsfrist, og studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluation system
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Elaheh Tavakoli
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Eksamen vil vere ei prøve både på pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
Mappa skal innehalde dei skriftlege arbeida i didaktikk og kultur (sjå vilkår for å framstille seg til eksamen), omarbeidde på grunnlag av tilbakemelding, og refleksjonsteksten.
Adjusting oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Eksamen vil vere ei prøve både på pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
Approval signature: 
Silje Ims Lied