Semesters

MGL1-7NO3A Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk

Course code: 
MGL1-7NO3A
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2024 Autumn
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
MGL1-7NO2B Norwegian 2B: Language and text perpectives in Norway and Scandinavia
MGL1-7FOUNO R and D assignement in Norwegian
MGL1-7NO2A Norwegian 2A: Second-level reading and writing training
Course content

Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk er eit tverrfagleg emne som gir studentar teoretisk og didaktisk grunnlag for å handtere utfordringar og moglegheiter som den fleirspråklege og fleirkulturelle skulen gir. Det faglege innhaldet er konsentrert om fleirspråklegheit, kulturelt mangfald og andrespråksdidaktikk og begynnaropplæring i lesing og skriving for nykomne elevar på 1.-7. trinn.

Emnet går inn på fleirspråklighet i eit ressursperspektiv, samanhengar mellom språk, identitet og læring, kritisk analyse av fleirspråkleg og fleirkulturell pedagogisk praksis og bruk av skjønnlitteratur og læreboktekstar for realisering av ein antirasistisk, fleirkulturell skule.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har

  • avansert kunnskap om inkludering og tilpassa opplæring i den fleirkulturelle skulen  
  • inngåande kunnskap om fleirspråklegheit og om samanhengar mellom språk, identitet og læring
  • forskingsbasert kunnskap om kva som kjenneteiknar kvalitet i den faglege og språklege opplæringa for elevar som held på å lære norsk  
  • inngåande kunnskap om arbeid med utvikling av eit antirasistisk, fleirkulturelt og fleirspråkleg innhald i undervisninga
  • inngåande profesjonsretta kunnskap om korleis ein kan arbeide med ord- og omgrepsutvikling i eit andrespråksperspektiv
  • avansert kunnskap om lese- og skriveforsking når norsk er andrespråket  
Learning outcome skills

Studenten kan

  • kritisk analysere og drøfte pedagogisk praksis i lys av antirasisme, inkluderingsomgrepet og prinsippet om tilpassa opplæring for fleirspråklege elevar 
  • nytte forskingsbasert kunnskap til å arbeide fram innhald, arbeidsmåtar og organisering som fremjar tilpassa språkleg og fagleg opplæring for fleirspråklege elevar 
  • meistre didaktiske tilnærmingar som gir moglegheit for god lese-, skrive-, ordforråds- og omgrepsutvikling for elevar med fleirspråkleg bakgrunn 
  • analysere og nytte relevant kartleggingsverkty i arbeid med tilpassa opplæring for elevar som lærer norsk  
  • nytte språkleg og kulturelt mangfald i arbeid med å tilpasse innhaldet i undervisninga
  • uttrykkje seg godt på norsk i skriftlege og munnlege faglege framleggingar
Learning outcome qualification

Studenten kan

  • på ein kvalifisert måte engasjere seg i den faglege og språklege utviklinga som mangfaldet av fleirspråklege elevar kan ha
  • kritisk analysere og vurdere læringsmiljøet med særleg merksemd på språkleg og kulturelt elevmangfald, og kan nytte relevant profesjonsfagleg kunnskap som bidrag til nødvendig endring
Working and learning activities

Arbeidsformene vil variere mellom plenumsundervisning, analyse og drøfting av faglitteratur, problembasert læring, studentseminar, munnlege presentasjonar, arbeid individuelt og i grupper, og rettleiing.
 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.

Arbeidskrav:

  • Ei individuell skriftleg oppgåve, ei individuell munnleg oppgåve, eit gruppebasert munnleg innlegg og deltaking i alle seminara knytt til arbeidskrava

Det er ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende for å kunne avleggje eksamen i emnet. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluation system
Maximum number of students: 
45
Person in charge: 
Anne-Kari Remøy
Used in other programs
  • Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 1-7 - master (5 years)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Approval signature: 
Arne Myklebust