Semesters
MGL5-10NA1A Naturfag 1A: Fysikk, kjemi og fagdidaktikk
Ingen
Undervisninga i MGL5-10NA1A, saman med MGL5-10NA1B, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for naturfagundervisning i grunnskulen på 5.-10. steg (jmf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 5.- 10. trinn).
Emnet tek for seg tema i fysikk, kjemi og fagdidaktikk. Energi, bølgjer, elektrisitet, astrofysikk, uorganisk og organisk kjemi er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for elevane sin progresjon i kunnskap og ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for undring, utforsking og trene i argumentasjon er ein viktig del av denne kompetansen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag
- kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning
- kunnskap om sentrale særmerke ved energiformer som bevaring, overføring og kvalitet
- kunnskap om krefter, rørsle og likevekt
- kunnskap om elektrisitet, bølgjer, lyd og lys
- kunnskap om solsystemet og utviklinga av universet
- kunnskap om bygnaden og eigenskapar til vanlege stoff og kjemiske reaksjonar.
- kunnskap om formlar og namn på uorganiske sambindingar.
- kunnskap om skriving og balansering av reaksjonslikningar, kjemisk likevekt og syrer og baser
- kunnskap om varme, uorden og spontanitet.
- kunnskap om bygnaden og eigenskapar til organiske sambindingar
Studenten skal kunne
- planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 5.-10. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar og grunnleggande ferdigheiter
- gjennomføre praktisk undervisning i fysikk og kjemi med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
- gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
- har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
- kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
- kan legge til rette for overgangen frå barnetrinn til ungdomstrinn og frå ungdomstrinn til vidaregåande skule
- kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
- forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess
Undervisninga i emnet er organisert i form av førelesingar, digitale økter, oppgåveløysing og praktisk laboratoriearbeid. Nærmare informasjon om organisering av emnet vert gjeve i semesterplanen.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 6-6
Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:
- fagrapport frå to laboratorieøvingar
- samlerapportar frå alt anna laboratoriearbeid
- ei naturfagdidaktisk refleksjonsoppgåve
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.
Sensur vert gjennomførd i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Kalkulator utan høve til lagring av formlar og tekst. Andre hjelpemiddel, som til dømes periodesystemet og formelsamlingar vert om nødvendig lagt ved eksamensoppgåvene. | Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått |