Semesters
MGL5-10NO2A Norsk 2A: Litteratur og litteraturdidaktikk
Norsk 2A er eit emne med hovudvekt på litteratur og litteraturdidaktikk i skulefaget norsk. I dette emnet står samanhengen mellom tekst i fortid og samtid sentralt. Studentane skal tileigne seg utvida, forskingsbasert innsikt i fagdidaktiske spørsmål, knytt til norskfaget som litteraturfag. Studentane skal studere den norske tekstkulturen slik han er i dag med det utvida tekstomgrepet, og slik den har vore, gjennom arbeid med eit mangfald av tekstar i ulike sjangrar og frå ulike perspektiv. Vidare skal studentane få innsikt i eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei utvida forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har brei kunnskap om kva som kjenneteiknar eit variert tekstutval: munnlege, skriftlege og multimodale tekstar; skjønnlitteratur og sakprosa i ulike sjangrar og medium; tekstar frå fortid og samtid
- har brei kunnskap om litteraturhistorie og litteratur frå ulike tider – for barn, unge og vaksne
- har brei kunnskap om litteraturteori og litteraturdidaktikk
- har kunnskap om norskfaglege digitale verktøy
- har eit kritisk og vurderande blikk på tekstkultur
- har kunnskap om dokumentanalyse som relevant forskingsmetode i norskfaget
Studenten
- kan lese og analysere, planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med litterære tekstar frå ulike perspektiv og for ulike formål
- kan vurdere norskfaglege læremiddel med tanke på tekstutval og læring for alle elevar
- kan legge til rette for variert arbeid med litteratur i tradisjonelle og nye medium
- kan bruke kunnskap om grammatikk og språk, tekstar og litteratur i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
- kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur og skrive akademiske fagtekstar
Studenten
- kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
- kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
- kan nytte nynorsk og bokmål skriftleg og undervise elevar i begge målformer
- kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med utprøving av digitale verktøy.
Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
Arbeidskrav:
- Eit munnleg arbeidskrav som gruppeoppgåve der studentane arbeider med ein multimodal produksjon og presenterer ein didaktisk refleksjon over arbeidet
- To skriftleg arbeidskrav på 1500 ord (+/- 10%). Den eine teksten skal vere skriven på bokmål og den andre på nynorsk. Det vert elles gitt nærare informasjon om arbeidskrava i semesterplanen.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6. Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisninga i tillegg til arbeidskrava.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 5 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Hjelpemiddel: alle | Eksamen er på 2000-2500ord. |
Målform: nynorsk