Semesters
MGL5-10SA3A Stad, identitet og fellesskap
I dette emnet utforskar vi tilknytinga mellom menneske og stad, og forholdet mellom stad, historie og identitet gjennom å ta for oss ulike teoretiske og analytiske perspektiv knytt til stad, lokalsamfunn, lokalhistorie og mikrohistorie. Stad og lokalsamfunn er omgrep som opnar for utforsking, samanlikning og kritisk tenking i møte med allmenne samfunns- og naturprosessar, og kan tydeleggjere samanhengar, endring og kontinuitet i desse prosessane.
Gjennom emnet skal studenten utvikle innsikt i heimstad og lokalsamfunn som sentral læringsarena i samfunnsfaget. Bruk av kjelder og metodar for mikrohistorie og stadssanalysar skal bidra til å gi studentane didaktiske verktøy til å legge til rette for utvikling av historiemedvit og geografisk danning hos elevane.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- utvikle djupnekunnskap om lokalhistorie og mikrohistorie som teoretisk og metodisk grunnlag for samfunnsfagundervisning
- tileigne seg spesialisert kunnskap om didaktisk arbeid med lokalsamfunnet som ramme for utvikling av historiemedvit, identitet og fellesskap
- utvikle inngåande teoretisk kunnskap om stad og geografisk danning
- utvikle inngåande kunnskap om didaktisk bruk av geografisk informasjon og historefaglege kjelder
Studenten skal
- utvikle ferdigheiter i undervisningsutvikling som fremmar elevens refleksjon over romlege samanhengar og bruk av historie i lokalsamfunnet
- utvikle ferdigheiter i å bruke og vurdere kjelder om lokalsamfunnet i arbeid med å utvikle nye problemstillingar og perspektiv som kan stimulere elevar til medvit om tid, rom og samfunnsprosessar
Studenten
- kan anvende teoretisk og didaktisk kunnskap om stad og lokalsamfunn til å fremme eleven si utforsking og forståing av samspelet mellom natur og samfunn, mellom det lokale og det globale, og mellom fortid, notid og framtid
- kan stimulere til kritisk tenking og kreativitet med lokalsamfunnet som ramme
- kan kritisk vurdere elevar sitt læringsutbytte gjennom ekskursjonsbasert undervisning
Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktivitet og varierte undervisningsformer. I undervisninga vert det lagt stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon, og det er ein føresetnad at studentar deltek aktivt i undervisninga.
Frammøtekrav:
Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
Arbeidskrav:
Tre arbeidskrav knytt til prosessarbeid med semesteroppgåva. Arbeidskrava blir vurderte til godkjent/ikkje godkjent.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Primary and Lower Secondary Teacher Education for Years 5-10 - master (5 years)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Semesteroppgåve med omfang på 3000 - 4000 ord |