Semesters

MID230 Bacheloroppgåve og praksis

Course code: 
MID230
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Spring
Assessment semester: 
2023 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

MID211 og min. 30 stp. fullførte studieretningsemne.

Course content

I emnet baheloroppgåve og praksis skal studentane vise at dei meistrar kunnskap og ferdigheiter, teoretisk og praktisk, tileigna gjennom bachelorutdanninga si. I emnet skal studenten gjennomføre eit større sjølvstendig praktisk og eitt teoretisk arbeid som er relevant i høve til den faglege fordjupinga studenten har valt. I bacheloroppgåve med praksis kan studenten velje mellom tre ulike praksisformer som vert skildra i punktet om organisering og arbeidsmåtar. Desse er:

  1. Ekstern praksis
  2. Prosjektpraksis
  3. Forskingspraksis

Formålet med emnet er å gje studenten kjennskap til yrkesroller, deira metodar og kulturelle praksisar gjennom praksis og prosjekt. Vidare vil emnet fokusere på vitskapleg arbeid, metodar og etikk som i tillegg til å heve refleksjonsnivået til vitskapleg arbeid, gjer ein rusta for ein potensiell mastergrad etter avslutta utdanning.

I første del av semesteret vert det gitt undervisning i fellesdelen som inneber vitskapleg arbeid, samt relevant praksis -og prosjektførebuande arbeid som prosjektutvikling, etablerarkunnskap og produksjonsplanlegging på fordjupningsnivå. Undervisningsperioden vert intensiv grunna praksisperiodens start i månadsskiftet februar-mars.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten skal ha:

  • kunnskap om vitskapsteori og mediefaglege metodar
  • kunnskap om planlegging og prosjektutvikling, med fordjuping mot eigen mediedisiplin og den sjølvvalde fordjupinga
  • kunnskap om samarbeid og roller innanfor eigen mediedisiplin gjennom deltaking i eksternt prosjekt/praksis, gjennom å utvikle og gjennomføre eit større praktisk prosjekt eller relatert til deltaking på forskningsprosjekt
  • kunnskap om ulike reiskapar som nyttast i aktuelle yrkesrollar
Learning outcome skills

Kandidaten skal kunne:

  • finne og nyttiggjere seg kunnskapar om prosjektutvikling og gjennomføring i eige prosjekt, ekstern praksis eller deltaking på forskingsprosjekt
  • nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi både på praktiske og teoretiske problemstillingar
  • planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig teoretisk eller praktisk akademisk arbeid
  • beherske prosjektverkty nytta til prosjektgjennomføring
  • skrive ei bacheloroppgåve med eit teoretisk og metodisk perspektiv
  • drøfte problemstilling i lys av teori, metode og tileigna kunnskapar.
  • nyttegjere seg av andres empiriske data inn mot eiga problemformulering eller produsere og anvende eigen empiri
Learning outcome qualification

Kandidaten skal:

  • kunne formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
  • gjennom yrkesnær praksis ha utvikla ei forståing og nyttige eigenskapar relevante for aktuelle yrke
Working and learning activities

Undervisninga vil bli organisert som førelesigar, seminarundervisning og individuell rettleiing. Semesteret er delt i tre: Dei første vekene vil det bli gitt undervisning i fellesemna. Deretter skal studentane ut i ein åtte veker lang ekstern praksis, prosjektpraksis eller forskingspraksis. Dei siste vekene er avsett til praksisoppsummering og individuelt arbeid med den avsluttande bacheloroppgåva.

Rettleiar/rettleiarar vert oppnemnt etter val av oppgåvetype og praksis. Deltaking i prosjektførebuande felles- og gruppeundervisning og avtalt rettleiing på prosjekt og litteratur knytt til prosjektrapporten, er obligatorisk. Sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-6. om obligatorisk frammøte/deltaking i undervisninga.

Det vil bli lagt opp til førelesingar og/eller seminar i sentrale fellesemne. Dette inkluderer undervisning i vitskapsteori og fordjuping i vitskapleg metode, forskingsetikk og akademisk skriving. Innføring i profesjons- og yrkeskunnskap med fokus på yrkesførebuande kunnskap og ferdigheter. 

I samband med undervisningsopptaket for haustsemesteret kan det vere aktuelt å legge fram eller at studentane får presentert førehandsmelde eksterne prosjekt. Eventuell deltaking i desse vil bli vurdert ut frå ein motivasjonssøknad.

Praksis/prosjekt:

I den andre delen av emnet skal studentane arbeide med prosjektet, vere i praksis eller forskingspraksis som er godkjent av faglærar/emneansvarleg. Studenten avtalar eit opphald hos ein ekstern oppdragsgjevar eller utviklar ein eigen produksjon/prosjekt. Prosjektet/praksisen skal vere relatert til studenten sitt val av fordjuping. I eventuelle samarbeidsprosjekt må rolleinndelinga vere tydeleggjort i ein tidleg fase. Fristar for når dette må vere klart går fram av semesterplanen.

Dette skal tilsvare 8 veker arbeid og kan vere ein av tre ulike typar rettleia praksis:

  • Ekstern bedriftspraksis. Studenten har praksis i eit offentleg eller privat føretak.
  • Prosjektpraksis. Studenten utviklar og gjennomfører eit eige praktisk prosjekt som praksis.
  • Forskingspraksis. Studenten tek del i eit pågåande forskingsprosjekt knytt til HVO.

Høgskulen i Volda er ansvarlig for og vil peike ut ein ansvarleg frå eigen institusjon, for å fylgje opp studentens innsats og læringsutbytte i praksis/prosjektperioden. Det er studentens ansvar å skrive kontrakt med eventuell ekstern oppdragsgjevar eller praksis. Perioden for praksis står skildra i kontrakta utforma av emneansvarleg.

Assessment requirements

Arbeidskrav:

Studenten skal levere følgjande arbeidskrav. Alle arbeidskrav er individuelle og skal vere godkjende av faglærar for at studenten får gå opp til avsluttande eksamen. Innleveringstidspunkt, stad og retningslinjer for arbeidskrava vil gå fram av semesterplanen. Arbeidskrava er:

  1. Tema for bacheloroppgåva, utkast til problemstilling og forslag til kjernelitteratur for bachelorprosjektet. Omfanget skal vere på mellom 500 og 1000 ord. Arbeidskravet dannar grunnlag for tildeling av rettleiar.
  2. Prosjektplan og framdriftsplan for eige prosjekt. Omfanget av prosjektplanen skal vere på mellom 1000 og 2000 ord. Nærare krav om planen vert gitt til dei det måtte gjelde (Gjeld berre dei som vel eigen prosjektpraksis).
  3. Praksis/prosjektrapport. Omfanget på prosessrapporten skal vere på mellom 2000-3000 ord avhengig av prosjektet. Det vert utdelt ein mal som ein kan følgje.
  4. Gjennomført og godkjent praksis, prosjekt eller forskingspraksis
  5. Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Arbeidskrava vurderast som godkjent/ikkje godkjent.

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Irene Hillestad
Used in other programs
  • Bachelor in Medieproduction
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bachelor's thesis
Individual
1 Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Bacheloroppgåva er individuell og leverast inn skriftleg. Omfanget skal vere mellom 7000 og 10000 ord. Bacheloroppgåva er basert på eit sjølvvalt tema, men kan ta utgangspunkt i tematikk, problemstillingar eller utfordringar knytt til praksis, prosjekt eller forskingspraksis. Nærare krav om bacheloroppgåva vert gitt i starten av semesteret. Det gis ein mellombels utgangspunktkarakter som dannar utgangspunkt for den munnlege eksamen.
Adjusting oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Det vil bli avvikla avsluttande munnleg eksamen. Den munnlege eksamen tek utgangspunkt i bacheloroppgåva som dannar grunnlag for ein samtale rundt teoretiske, praktiske, metodiske spørsmål knytt til desse samt pensum og sjølvvalt pensum. Gjennom munnleg eksamen vert det mogligheit for justering av utgangspunktkarakteren satt på bacheloroppgåva. Munnleg eksamen utgjer den endelege karakter i emnet
Approval signature: 
Kate Kartveit