Semesters
MNT211SKUL Rettleiings- og mentorutdanning 1
Sjå opptakskrav i studieplanen for Rettleiings- og mentorutdanning 1.
Emnet gir kunnskap om eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis, nyutdanna, kollegaer og medarbeidarar, og korleis det kan leggast til rette for eit lærande fellesskap i organisasjonen. Rettleiing og mentorutdanning 1 (15 studiepoeng) er første del av eit rettleiingsstudium på 30 studiepoeng.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- ulike teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
- etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar i skule
- korleis rettleiing kan nyttast i praksisopplæring og kompetanseutvikling i skule
- korleis ein som lærar eller leiar kan inkludere studentar, nyutdanna, kollegaer og medarbeidarar i eit kritisk reflekterande fellesskap
Studenten skal kunne:
- bruke ulike rettleiingsstrategiar og -verkty
- planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiing, sjølvstendig og i samarbeid med andre
- stimulere læring og utvikling i relasjonar, og meistre dialogskapande kommunikasjon på ulike nivå
- analysere og reflektere kritisk over rettleiingsteoriar, og eigen og andre sin praksis som rettleiar
- utøve etiske vurderingar i samband med rettleiingsarbeid
Generelt skal studenten:
- kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar
- ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
- kunne drøfte teoriar og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til nytenking og utvikling av god praksis
I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet har som mål å gjere nytte av og vidareutvike dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring, og legg vekt på korleis desse kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleier kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi.
Emnet rettar seg mot rettleiing av elevar, studentar, nyutdanna lærarar, medarbeidarar og kollegaer elles, både på individ- og gruppenivå
Samlingane inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper.
Undervegsvurdering
Vurdering er ein viktig del av studieprosessen. Undervegs i studiet vil studentane få tilbakemeldingar på eigen rettleiingspraksis frå medstudentar og faglærarar. Det vert lagt opp til eigenvurdering blant anna gjennom skriving av fagtekstar, videopresentasjon og gjennom erfaringsdrøftingar i nettverksgruppene.
- Deltaking på alle samlingar på høgskulen
- Gjennomføring av fire rettleiingsøkter der studenten er rettleiar
- Deltaking i fire samlingar i nettverksgruppene
- Innlevering av dokumentasjon i form av to fagtekstar (maks 1200 ord) frå rettleiingsøkter på arbeidsplass og/eller i nettverksgruppene. Fagtekstane skal ha vekt på utvikling av eigen rettleiarkompetanse og nytte pensum i studiet. Fagtekstane skal vere levert og godkjent før studenten får gjennomføre eksamen.
- Presentasjon av og fagleg refleksjon over eit videoklipp frå ei rettleiingsøkt i nettverksgruppa for faglærar og medstudentar (gruppepresentasjon)
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Mentoring 1B
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 14 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Individuell skriftleg heimeeksamen knytt til rettleiingspraksis og utvikling av eiga rettleiarrolle. Eksamen bygger på fagtekstar som er innleverte gjennom semesteret. Eksamen går over 14 dagar (utlevering kl. 9.00 og innlevering kl. 14.00). | Minimum 2500 ord, maksimum 3000 ord. |