Semesters
MUS141 Musikkfagleg innføring 1
Ingen.
Emnet gir ei praktisk-teoretisk innføring i musikkfaget med fokus på grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter innan musikkfaglege disiplinar, inkludert bruk av musikkteknologi og digitale arbeidsmåtar. Det blir fokusert på følgande hovudområde: praktisk musikkteori og arrangering, høyrelære og musikk i historisk kontekst. Eit kurs i folkemusikk inngår i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
- har grunnleggande kunnskap om praktisk musikkteori og ulike former for musikknotasjon
- har grunnleggande kunnskap om arrangering og besifring av musikk for utøvarar
- har grunnleggande kunnskap om komponering ved bruk av musikkteknologi
- har kunnskap om den vestlege kunstmusikken fram til vår tid, med vekt på norsk og samisk folkemusikk
Kandidaten:
- kan notere rytmiske, tonale og harmoniske element i musikk ved bruk av gehør
- kan besifre og arrangere eit musikalsk materiale for mindre ensemble
- kan nytte musikkteknologiske verktøy til å løyse komponeringsoppgåver
- kan nytte relevante faglege omgrep i arbeid med musikknotasjon og arrangering
- kan beskrive kjenneteikn og verkemidlar nytta i musikk i ulike historiske stilepokar og sjangrar, og refletere kring musikk som samfunnsfenomen
Kandidaten
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar, og presentere fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksmåtar
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre
- kan finne relevant informasjon og kjelder og knytte desse til ei problemstilling
- kan reflektere over eigen fagutøving og justere denne under rettleiing
- kan vise evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, praktisk skapande arbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det vert nytta både klasserom, nettundervisning og varierte læringsformer som prosjekt- og seminararbeid, omvendt undervisning, samspel, og gruppediskusjonar. Studenten får innsikt i relevante arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom uformelle praksisavtalar, eksursjonar og eksterne forelesingar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisning, jamfør Forskift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
Arbeidskrav:
- Obligatorisk folkemusikkkurs. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med faglærar
- Obligatorisk deltaking på øvingar og konsertar med høgskulens kor og/eller orkester
- Eit skriftleg refleksjonsnotat i norsk eller samisk folkemusikk
- To individuelle arbeid i arrangering og komponering
- To individuelle prøver i høyrelære/teori
- Eit skriftleg gruppearbeid i musikkhistorie som munnar ut i eit fagleg framlegg for klassen
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4
- Music - bachelor
- Music - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |