Semesters
MUS142 Musikk og samspel 1
Ingen.
Det er tilrådd at studenten har noko erfaring i instrumental/vokal praksis.
Emnet gir kompetanse innan praktisk og skapande musisering og tilrettelgging for, leiing og evaluering av ulike musikkaktiviteter. Studenten får undervisning mellom anna i eit valt fordjupingsinstrument og ulike bandinstrument (tangentar, trommer, gitar, el-bass), samspel i ulike typar ensemble, og ei innføring i bruk av lydanlegg med PA i samband med musikkutøving. Eit samspelprosjekt i grunnskulen inngår i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
- har kunnskapar om musikk som reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
- har kunnskapar om sentrale musikkpedagogiske metodar, verktøy og prosessar på ulike nivå
- har kunnskapar om musikkutøving og framføringspraksis gjennom ulike former for samspel
- har kunnskapar om PA-anlegg, mikrofonar og mikrofonteknikk
- kjenner til relevante fag- og læreplanar for musikkfaget i grunnskulen
Kandidaten:
- kan planlegge, leie og evaluere musikkfagleg aktivitet åleine og i smarbeid med andre
- kan arrangere og legge til rette musikalsk materiale for song, dans og samspel i ulike ensemble og for ulike aldersgrupper
- kan orientere seg i eit notebilde
- kan nytte ulike bandinstrument på eit grunnleggande nivå i samspelaktivitetar
- kan vise personleg utvikling på valt fordjupingsinstrument
Kandidaten:
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
- kan vise samarbeidsevne og evne til refleksjon
- kan nytte kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, praktisk skapande arbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det blir nytta både klasserom- og nettundervisning og varierte læringsformer som prosjekt- og seminararbeid, omvendt undervisinng, samspel og gruppediskusjonar. Studenten får innsikt i relevant arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom uformelle praksisavtalar, ekskursjonar og ekstene forelesningar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgksulen i Volda § 6-6.
Arbeidskrav:
- Ei praktisk/munnleg gruppeoppgåve i musikkutøving som gjeld tilrettelegging, instruksjon og leiing
- Videologg i samband med valt fordjupingsinstrument
- Ei praktisk prøve i rigging og bruk av PA-anlegg for utøvingssituasjonar
- Eit individuelt skriftleg arbeid (2000 ord+/- 20%)) om musikk som reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
- Obligatorisk deltaking i øvingar og konsertar med skulen sitt kor og/eller orkester
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Music - bachelor
- Music - year course
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Group | 3 Days | Pass / fail |
Individuell vurdering.