Semesters
MUS221 Låtskriving og arrangering
Årsstudium i musikk eller tilsvarande.
Emnet skal gi studenten praktisk og teoretisk kunnskap i låtskriving og arrangering. Gjennom arbeid med varierte teknikkar innan låtskriving og arrangering skal studenten utvikle ferdigheiter i å kunne skrive og arrangere materiale innan eit utval sjangrar, og å legge til rette musikalsk materiale for ulike målgrupper. Undervisning i tekstskriving og tonesetting inngår i studiet. Den oppnådde kompetansen har relevans for musikkarbeid i til dømes skule og kulturskule, kor, korps og musikkteater og i privat næring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- klanglege eigenskapar og tekniske utfordringar for ulike instrumentgrupper og ensemble.
- stilmessige kjenneteikn for eit utval sjangrar.
- varierte arrangerings- og instrumenteringsteknikkar.
- tekstarbeid og tonesetting av tekst.
- kreative verktøy og prosessar knytt til låtskriving og arrangering.
Studenten kan:
- arrangere, instrumentere og transponere musikalsk materiale for ulike typar instrument og ensemble.
- bruke varierte arbeidsmåtar for å utvikle tekst og melodi, og analysere og reflektere kring eigne og andre sine arbeid.
- produsere partitur og notemateriale for ulike typar instrument og ensemble.
- reflektere over eigen skapande verksemd og musikalske identitet.
Studenten skal kunne nytte faglege omgrep og ulike teknikkar på ein sjølvstendig måte, og ha innsikt i fagfeltet.
Studenten skal også ha kunnskap om og kunne reflektere over lover og rettigheiter som gjeld det skapande feltet.
Organisering og arbeidsmåtar vil veksle mellom forelesingar i plenum, praktisk arbeid og utprøving i grupper og individuelt. Digitale notasjonsprogram er ein viktig arbeidsreiskap i emnet.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav:
- Forprøve i instrumentering og transponering.
- Arbeidsmappe med tre større arbeid: to oppgåver i låtskriving og eit arrangement.
- Deltaking på øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar som kan dokumentere deltaking i liknande ensemble kan søkje fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Music - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 8 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 % |