Semesters

MUS224 Interpretasjon og formidling

Course code: 
MUS224
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Autumn
Assessment semester: 
2025 Autumn
Required prerequisite knowledge

Musikk årsstudium eller tilsvarande. 

Course content

I dette emnet vert det fokusert på å utvikle studenten musikalsk og teknisk på eit valt fordjupingsinstrument, og å gi studenten teoretiske og praktiske kunnskapar innan utøvingspsykologi, interpretasjon og framføringspraksis for fleire ulike sjangrar. Ei innføring i digitale program og verktøy i samband med eiga musikkutøving inngår i studiet. Den oppnådde kompetansen er relevant i kunstnarlege utøvingssamanhengar, og den har overføringsverdi til andre område i arbeidslivet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om:

  • musikkinterpretasjon og -formidling innan eit utval musikksjangrar.
  • motivasjons- og utøvingspsykologi for musikkutøving.
  • tekniske og musikkfaglege utfordringar for eit valt fordjupingsinstrument.
  • forsking og utviklingsarbeid innan fagområdet.
Learning outcome skills

Studenten kan:

  • innstudere og framføre eit solo- og samspelrepertoar på eit valt fordjupingsinstrument.
  • nytte digitale program og verktøy i samband med eiga utøving.
  • nytte omgrep frå ulike perspektiv innan musikkinterpretasjonslitteraturen i samband med musikkutøving.
Learning outcome qualification

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdanning- og yrkessamanheng.

Working and learning activities

Organiseringa vekslar mellom forelesingar i sentrale emne, gruppearbeid og prosjekt, og det vert gitt individuell rettleiing på fordjupingsinstrument. Det vert lagt vekt på studiar av kunstnarleg verksemd og kulturoppleving, anten i form av studietur eller konsertbesøk i regionen.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.

Arbeidskrav:

  1. Aktiv medverknad som arrangør og utøvar på:
    1. ein dag- eller kveldskonsert åleine eller i gruppe
    2. ein huskonsert
  2. Kombinert skriftleg rapport og videologg over eigenutvikling med referanse til pensumlitteratur
  3. Individuell skriftleg oppgåve på 2000 ord knytt til interpretasjon med obligatorisk rettleiing.
  4. Deltaking på øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar som kan dokumentere deltaking i liknande ensemble kan søkje fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.
Evaluation system
Minimum number of students: 
10
Maximum number of students: 
25
Person in charge: 
Svein Ole Hunnes
Used in other programs
  • Music - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Praktisk eksamen med munnleg presentasjon