Semesters
MUS225 Musikkteknologi og produksjon
Musikk årsstudium eller tilsvarande.
Emnet gir ei innføring i studioteknikk og konsertlydteknikk, og skal gi studenten føresetnad for å kunne delta i musikalske produksjonsprosessar frå idé til ferdig lydprodukt. Ekskursjon til profesjonelt studio med observasjonspraksis inngår i studiet. Som fordjupingsoppgåve kan studenten velgje antean konsertproduksjon eller studioproduksjon. Kunnskapar om innspeling og musikkteknologi, saman med den estetiske og praktisk-kunstnarlege sida av slik produksjon er relevante for å kunne arbeide med musikk i skule, kulturskule, musikk- og teaterinstitutsjonar og andre kultursamanhengar. Arbeidet med musikkteknologi kan også ha overføringsverdi til andre arbeidsområde.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskapar om:
- sentrale utviklingstrekk innan lydteknologifeltet.
- planlegging og gjennomføring av ein musikkproduksjon.
- grunnleggande prinsipp for akustikk i samband med lydproduksjon og opptak.
- metodar og teknologi knytt til studioopptak og konsert- og scenelyd.
- Signalbehandling og programmering av musikk.
Studenten kan:
- planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og produksjonar på ein strukturert og sjølvstendig måte, og grunngi faglege val undervegs i prosessen.
- bruke relevant programvare og innspelingsteknikk i studioarbeid, åleine og i samarbeid med andre.
- gjennomføre, redigere og mikse fleirsporsopptak med ulike band og ensemble.
- reflektere over eigen og andre sin praksis innan musikkteknologi og musikkproduksjon.
Studenten skal kunne bruke ulike teknikkar på ein sjølvstendig måte og ha innsikt i fagfeltet. Studenten skal også kunne reflektere kring, og ha kunnskap om lover og rettigheiter knytt til det skapande feltet.
Organiseringa vekslar mellom forelesingar, verkstadarbeid, studentpresentasjonar, arbeid i grupper og individuelt. Intern praksis ved Høgskulen i Volda inngår i emnet.
Arbeidsmappe:
Arbeid med emnet skal dokumenterast gjennom 3 innleveringar til ei arbeidsmappe.
- Ein individuell produksjon.
- Eit HVO-relatert opptak og nedmiks. Nedmiks skal vere individuell.
- Eit større individuelt arbeid som gjeld anten eit konsertopptak eller ein studioproduksjon. Arbeidet skal inkludere dokumentasjon av arbeidsprosessen, grunngiving av val og evaluering av prosess og produkt.
Alle arbeid skal produserast på, og blir vurdert i forhold til, Institutt for musikk sin utstyrspark.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6 om frammøte/deltaking i undervisninga.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Music - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Ei digital innspeling. | |||
Adjusting oral examination | Individual | 15 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 % | Ein munnleg presentasjon. |