Semesters
MUS226 Musikk og helse
Musikk årsstudium eller tilsvarande.
Emnet Musikk og helse gir ei innføring i korleis deltaking i musikkaktivitet kan virke helsefremjande på ulike målgrupper i samfunnet. Utprøving av musikkaktivitet i praktiske situasjonar der musikk er knytt til mål om helse og livskvalitet er sentralt. Det blir lagt vekt på samarbeid- og relasjonskompetanse og korleis musikk kan ha ein funksjon i helseinstitusjonar, i ulike former for opplæring og knytt til fritid. Emnet byggjer på nyare forskingslitteratur frå praksisfeltet musikk og helse. Det blir også nytta teori innan musikkvitskap, pedagogikk, psykologi og helsefag.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- korleis musikk verkar inn på ein sjølv og korleis eigne erfaringar, kompetanse og ferdigheiter kan brukast i helsefremmande arbeid.
- korleis musikk kan ha innverknad på helse og livskvalitet gjennom sentrale teoriar og forsking som er gjort innan feltet.
- målgrupper for arbeid med musikk og helse, og målgruppespesifikke behov.
- korleis ein i musikalske prosessar kan utvikle samarbeid, gode relasjonar og musikkglede.
Studenten kan:
- fasilitere og leie prosesar i musikkaktivitet der målet er helse og livskvalitet
- utvikle og grunngi metodiske framgangsmåtar innan musikk og helse på individ- og gruppenivå
- samarbeide i faglege og tverrfaglege samanhengar
- reflektere over eiga utøving i lys av musikkpedagogisk og musikkterapeutisk litteratur
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Emnet er samlingsbasert og arbeidsmåtar vekslar mellom forelesingar, workshops, gruppearbeid og individuelt arbeid under rettleiing. Det inngår ein observasjonspraksis og eigenpraksis i emnet.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §6-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav:
- Ein avgrensa observasjonspraksis i praktisk arbeid med musikk og helse og eit observasjonsnotat (800 ord)
- Eit gruppearbeid med planlegging, gjennomføring og evaluering av aktivitetar som handlar om musikk og helse
- Ei teoretisk oppgåve som knyter saman kunnskap frå teori og praksis (2500 ord)
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Music - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | - | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |